søndag 30. juni 2013

Grøne blad

Grøne blad mot sumpete myrhol. Nydeleg.

Naturleg gråfilter


Seine kveldar byr på magi i naturen. Fred og ro, eit anna lys, ein annan stemning, naturleg gråfilter.

Storm og stille

Stormen ventar der ute, kjem han hit snart, tru? Me får vel nyta sola til så lenge...

lørdag 29. juni 2013

M51 "Whirlpool Galaxy" eller Malstraumgalaksen

M51, ein flott galakse!
Galaksen har ein kompanjong som heng tett på. Fyrste oppdaga med spiralarmar, slik som vår eigen galakse. Det var fyrst i 1923 det endeleg vart stadfesta at dette er ein svært fjerntliggjande galakse, og ikkje noko objekt i vår eigen galakse.  Han ligg omlag 35 mill lysår borte i stjernebiletet Canes Venatici, nær Ursa Major. Karlsvogna (The big dipper) er eit asterisme (ikkje noko eigentleg stjernebilete), og stjerna heilt til venstre er den ytste stjerna i "staget" på Karlsvogna, stjerna Alkaid som ligg 101 lysår borte.
Foto: 200mm på kamera med APS-C-sensor, AV 2,8, TV 20-25'', 5-10 eksp.

torsdag 27. juni 2013

Vidsyn

Vidsyn. Midt på det vide og det flate ligg ein stein. Større, litt åleine, liksom. Storhavet bak skjuler store krefter. Kom steinen med istida, eller kom han med havet? Eller kanskje ein traktor eller pyramidebyggarbedrift. Ein gong. Kva var nytten? Akkurat no. Nokon stoppa opp ved steinen. Ein dag vert han borte.

Sola

Sola har vandrande solflekkar for tida. Solflekksyklusen er på hell, men nær maksimum. Langvarige solflekkar tek ein heil runde, og det går nokon dagar. Sola er rett og slett plasma. Og ho er diger. Kjempediger. Alle planetane til saman vert berre smårusk i samanlikning.

Vatn

Vatn treng ikkje vera eitt. Vatn er mange. Vatnet her vil ropa: sjå på meg òg! Vatnet her vil bort frå kvarandre.

Blåtur

Det var snakk om skrømt på blåturen til fotoklubben. Slikt finst vel ikkje? Vel, her dokumentert, men visse vilkår må oppfyllast, nemleg gammalt hus, kveld, og kamera med lang lukkartid. Då er det mykje rart som kjem til syne.

Still-leben. Interiør frå gammalt hus, urørt på uvisst kor lenge.