søndag 29. september 2013

Vev


Monstervev tett på, AV3,2, TV1/80'', ISO200, EC-1, 60mm makro. 


Monstervev i motlys, AV7,1, TV1/800'', ISO125, EC-1, 60mm makro.


Vevby med dropelanterne, AV4,5,  TV1/80'', ISO125, EC-0,6, 60mm makro.

Detaljar i september, der mikro blir makro


Sopp på tre; AV3,5, TV1/50'', ISO400, 60mm makro


Sopp på tre 2; AV5, TV1/100'', ISO400, EC-3, blitz.
Sopp er nedbrytar, då er det vel slik at det er soppen som er att, 
til slutt.



Eit hol i ein sti, fylt av gjørme og jarn frå myr, lett å gå forbi. Eit tytebær duppar i jarnsuppa. Eit fargespel, ein augneblink i naturen. AV4, TV1/100'', EC-1, ISO400, 60mm makro.

lørdag 28. september 2013

Action-fotografering


 Fotoklubben var i Osvika og fekk trena på action-fotografering med hundar. Dei fleste var vel samde i at det lønte seg å ta kontroll over lukkartida.
AV2,8, TV1/320'', ISO 3200, 200mm
 

 Her i leik med fuglar. AV blendar 5,6, TV 1/500'', ISO 100, 200mm. 


AV3,2, TV1/320''. ISO640, 200mm


AV3,2, TV1/320'', ISO640, 135mm



AV2,8, TV 1/320'', ISO800, 200mm

lørdag 21. september 2013

Premiert foto

 
Fotokonkurransen "Der vann møter land", Norges Naturvernforbund:
"Tryggve Dyrvik fra Nordfjordeid har vært på Stadlandet, ved en av Norges mest værharde kyststriper. Det er nesten så du kan se sagnfigurene stige opp fra havet." (N&M 4/2013)

torsdag 19. september 2013

Villandhopen, Wild Duck Cluster, M11, Scutum




6000 lysår borte finn me den lyssterke hopen M11, ein open stjernehop med 3000 stjerner. Dei fleste stjernene her er svært lyssterke gigantstjerner. Dette er ein fantastisk flott stjernehop å observera, og han vart oppdaga nokså tidleg, alt i 1681. Det er utan tvil ein av dei rikaste opne hopane i galaksen. Total lysutstråling er kring 10.000 gonger sola. Det sentrale av hopen er kring 15 lysår i diameter, og tettleiken er om lag 83 stjerner pr kubikk parsec. Rett ned, nesten i nedre biletkant ser me ein gulaktig ”klump”, dette er den kuleforma stjernehopen NGC 6712 på 22-25.000 lysårs avstand. Han skin med mag 8,1. Vidare litt ned til høgre i biletet ei stjernefortetting, og dette er den opne stjernehopen M26 på 5000 lysårs avstand.

Noko av det som slår oss likevel mest er den formidable skya av stjerner me ser her mot dei meir sentrale delane av galaksen vår. Scutum star cloud er dette området gjerne kalla.

søndag 15. september 2013

Sagittarius med gasståker og stjerneskyer


 
Innover i galaksen vår ligg det tett i tett med stjerner, i milliontal. Dei sentrale delane av galaksen Mjølkevegen er svært langt sør for oss så langt nord, men på dette foto viser litt av mylderet, avgrensa av fjellkanten rett under biletkanten. Oppe til høgre viser den raude tåka Omegatåka, Messier objekt 17, M17. Heilt nede i høgre biletkant strekker ei tett samling av stjerner seg opp som objektet M24, omtala som ei stjernesky. Mellom M17 og M24 skimtast M18, ein stjernehop.  Like til venstre for midten ser me stjernehopen NGC6645. Klar himmel så langt ned mot horisonten er slett ikkje verst. For eit mylder!

Nordfjorden

 
Nordfjorden frå Lote.

søndag 8. september 2013

Fuglar ved havet

 

 


Med gran skal landet byggjast, eller bør det eigentleg det?

Slik skog likar me å ferdast i. Dette er ein småvaksen furuskog. Furua treng kanskje 90 år på å bli skikkeleg hogstmoden, men då får ein beste tresort til material. Kjernen heiter AL og er sjølvimpregnert, og resten kan impregnerast slik at treverket held veldig lenge. I denne skogen er det lyng, blåbær, variert fugleliv, og det er lett å ta seg fram. Dette likar me!
 


Slik skog er det mange som unngår, og med rette. Dette er ein småvaksen granskog. Grana må plantast tett på Vestlandet for at ho ikkje skal veksa for fort. Ein reknar opptil 60 års vokst før hogst. Ofte veks ho likevel så fort at materialen er for sprø, og ikkje brukande til material. Då går grana til slip, eller papirproduksjon. Veden i treet er av ein dårlegare kvalitet enn furua, og grana kan ikkje impregnerast. Granskogen må plantast tett, og då veks han òg tett, veldig tett. Grana tek opp surheit i nedbør, og forsuring av jordsmonn kombinert med mangel på sol gjer at dei fleste andre artar bukkar under. Det er berre nokre bregner og mosesortar som overlever i slik skog. Kjem det ein skikkeleg storm overlever ikkje grana heller, og bryt rett av eller deiser i bakken. Her er ikkje råd å ta seg fram, for greinene held fast til stamma heilt ned til bakken, sjølv for vaksne tre. Dette er vestlandsk ørken. Etter fem generasjonar med gran er jordsmonnet utpint.

Stein mot hav



Solnedgang i fred og harmoni

 


mandag 2. september 2013

Mjølkevegen

 
Hausten er perfekt for å nyta synet inn i galaksen som me bur i, Mjølkevegen. Det lysande bandet er sjølve galaksen med sine milliardar av stjerner, og det mørke bandet i midten skyer og støv. Støv som i neste omgang vert til nye stjerner. Her ser me galaksen frå Aquila (Ørna) i nord til Sagittarius (Skytten) i sør.