Det var stupmørkt, utsiktspunkt Skårhaugnakken.
torsdag 31. oktober 2013
søndag 27. oktober 2013
Penumbral lunar eclipse - penumbral måneformørking 18.-19.10.2013
Fullmånen
stod omtrent rett i sør då førmørkinga var på det største. Formørkinga kallast
penumbral, og det betyr at månen ikkje var inni heilskuggen til jorda, og sjølv
om denne formørkinga var nokså djup er penumbrale formørkingar berre synlege
fotografisk. Månen blir berre litt gråare og mørkare på den delen som er djupast
inne i halvskuggen. Dette er altså ikkje synleg med berre auga eller ein
kikkert fordi månen skin såpass sterkt.
Som vist på
biletet var skuggen i den sør-vestre delen av månen, eller nede til venstre.
Sørlege månen er dominert av store kraternedslag og med det store fjellområde.
Desse områda er til vanleg nokså lyse å sjå til, medan dei mørke områda på
månen er det me kallar ”mare”, eller ”hav”, men ”hava” er eigentleg store
sletter som ein gong vart fylte av lava etter enorme asteroidenedslag. Dette
skriv seg frå starten av vårt solsystem då det var mange små og store asteroidar
og kometar som enno sveiv over alt i solsystemet.
Månen vender
alltid same sida mot jorda (bunden rotasjon), men han gyngar litt i banen sin, slik
at me av og til ser ør litt meir av vestsida, og av og til bitte litt meir av austsida
av månen. Denne gongen ser me litt meir av austre månekant , aust for mare Crisium,
som er ei einsleg, nesten rund og stor måneslette i aust, altså høgre måneside.
Dette heiter librasjon.
Heile formørkinga
var denne gongen synleg i Afrika, Europa, på Grønland og austre delar av Nord-og
Sør-Amerika. Månen sin bane går i ein periode dei kallar Saros syklus på 18 år og
11 dagar. Forrige tilsvarande formørking (som høyrer til saros-serie 117) var altså
8. oktober 1995, men denne var ikkje så godt synleg for oss.
Det er ofte ei
påfylgjande solformørking etter ei måneformørking, og denne gongen ved nymåne 3.
november. Dei som oppheld seg i syden (sør for Biscayabukta-Korsika-Roma-Montenegro-Sofia)
denne dagen vil sjå at månen tek ein bit av sola, og sett frå ei tynn stripe utanfor
den vest-afrikanske kysten er sola totalt formørka ei kort stund. Denne formørkinga
startar ringforma, er total og så ringforma att alt etter observasjonspunkt.
Kjelder:
Fifty year canon of lunar eclipses, Fred Espenak, Fifty year canon of solar eclipses, F.E.
Astronomi, 5-okt 2013
Atlas of the Moon, Antonin Rükl
Fifty year canon of lunar eclipses, Fred Espenak, Fifty year canon of solar eclipses, F.E.
Astronomi, 5-okt 2013
Atlas of the Moon, Antonin Rükl
tirsdag 22. oktober 2013
Hardangerbrua 1380 m
Hardangerbrua med (oransje) "fly-flaps" for å unngå at ho kastar på seg i vinden. Brua går mellom Vallavik i Ulvik herad og Bu i Ullensvang herad.
mandag 21. oktober 2013
lørdag 12. oktober 2013
onsdag 2. oktober 2013
Aquila - Altair - B142, B143, B337
Aquila,
Ørna, eit stjernebilete langs kjernen av Mjølkevegen. Til venstre sterkaste
stjerna, Alpha Aquilae, eller Altair. Dette er ei av dei nære stjernene som er
lyssterke. Altair er faktisk 12. sterkaste stjerne på himmelkvelven. Avstanden
er 16 lysår, 1,5 gonger større enn sola, kvit stjerne. Det er spesielt med
denne stjerna at ho roterer veldig raskt, sola brukar over 25 døgn på ei
omdreining, medan Altair roterer på berre 6,5 timar! Det kan berre bety ein
ting, nemleg at stjerna ser eggforma ut på grunn av den svært raske rotasjonen.
Stjerna
lenger oppe til høgre er ei klart oransje stjerne, denne heiter Tarazed og ligg
heile 463 lysår borte. Den høge lysstyrken betyr at dette er ei gigantstjerne.
Rett
bortanfor ser me ei mørk tåke. Den mørke tåka ( som ikkje er opplyst av
nærliggjande stjerner) liknar ein S. S-en er delt, og tåka er todelt med
tittelen B142 og B143. Lenger oppe til høgre er endå ei mørk tåke, ved namn
B337.
Stjernene
langt bak er kanskje så langt borte som 5000 lysår, tåkene ein plass mellom, ca
1000 lysår borte. Det kan bety at B143 er så mykje som 20 lysår i diameter.
Fotoet er sett saman av over 20 enkelteksponeringar a 26'', 200mm (kroppa sensor). For å få bort støy må det leggjast til like mange mørke rammer, offsets, og til slutt "flate rammer" for utlikning av vignettering. Alt dette er stacka i Deep Sky Stacker. Vidare er fotoet (som då er nokså mørkt og fortetta) lysna med levels og kontrast i Elements.
Abonner på:
Innlegg (Atom)