søndag 24. november 2013

Mørketid

 
Det går fint å fotografera i mørket ute, og gjerne i snø og sludd. Her utan stativ, B-innstilling, der eg heldt open lukkaren på frihand medan eg fyrte av ein blitz med den andre. Heilt utan nokon form for lysmåling eller noko berekning av lysinnfall. Det er lurt å eksponera i RAW, for her vart blitzen litt for sterk framme i biletet, og det går fint å få fram detaljar i utbrente høglys i ein RAW-konvertar. Behandla i Elements.
 
EOS7D, EF-S15-85mmf3,5-5,6, IS USM

 
Denne gong med stativ og lukkar på B, når det er mørkt er det ikkje så farleg å eksponera heilt nøyaktig, for kvart sekund betyr så mykje mindre for eksponeringa enn i skarpt dagslys. Eg gjorde fleire eksponeringar av same motiv, og alt frå 15 sek til 30 sek. gav nokså like og tilfredsstillande resultat.
 
Begge bileta er i ettertid konvertert til svart-kvit i Elements.
 
EOS7D, EF24-70mmf2,8L II USM, TV31'', AV9, 24mm, ISO200.

Cygnus, Veil Nebula, NGC 6992-6995, 6960

 

Biletet, teke med 24 eksponeringar, viser Slørtåka, eller Veil nebula. Tåka er truleg ein rest etter ein gigantisk supernova for lang tid tilbake. Nordlege del, 6992, og sørlege (høgre) del, 6960 med stjerna 52Cygni.

SA Companion: ”NGC 6992 (…) Northern part of the Veil Nebula. Very faint, large, and crescent shaped. Distance 1,300 ly. (…) NGC 6960 (…) This segment, by itself, is also known as the Filamentary Nebula. Pretty bright, quite large, and crescent shaped; contains the 4.2-mag. star 52 Cyg.”

Til venstre i biletet er ein liten og svak galakse synleg som ei ekstra uskarp og avlang ”stjerne” blant alle dei andre, i venstre del av biletet, galaksen NGC 7013, mag 11,3, distanse 38 mill lysår borte. Ein må zooma i biletet for å sjå dette.  I tillegg trengst eit godt atlas og mykje zoom.

EOS 60Da, Ef70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, AV2,8, ca 27’’eksp tid.


lørdag 23. november 2013

Cygnus, Sadr, Sh2-108

 
Til høgre for senter ser me stjerna Sadr, ho ligg midt i ”krossen” i Svana, stjerna markerer møtet mellom to armar i Cygnus. Sadr vert og kalla gamma eller 37 Cygni, mag 2,2, spektrum F8, 750 lysår borte, noko som betyr at lysstyrken er 5800 soler!.  Rett ovanfor viser stjernehopen NGC 6910, og til høgre hopen Cr419. Ein merkverdig og fantastisk region av lyssterke og mørke tåker om lag ei grad aust for Sadr. Den lyssterke emisjonståka har namnet Sh-108, medan den mørke tåka innimellom er LDN 889. Hopen M29 litt til venstre for sentrum i nedre del av biletet.
EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, AV2,8, ca 27’’ eksp.tid, kring 30 eksp.

Rasfare!


Prof. Stein Bondevik:
"Det som ser ut til å vere kritisk, er nedbørsmengder i på over ti millimeter i løpet av ein time og/eller eit snitt på seks millimeter kvar time i løpet av seks samanhengande timar. (...) Verre er det med steinsprang. Steinar losnar gjerne medan det regnar intenst."
(Fjordabladet 23. nov 2013)

Nedbørsmålingane i Prestemarka var fredag 15. november: totalt 86,6 mm nedbør, med maks intensitet på 23,6 mm pr/time.

Eid kommune har sett av over 4 mill. kr. til tilleggssikring for nettopp steinsprang (som det pr i dag ikkje er sikra skikkeleg mot). Når skal saka opp og dette iverksetjast?

mandag 18. november 2013

Farleg nær

 
Viss det er vanskeleg å berekna farten når du køyrer på våte eller glatte vegar, då er det kanskje eit overlevande alternativ å gjera slik som desse sjølvransakande bileigarane på Høynes. Parker bilen. For godt.

søndag 17. november 2013

Cygnus sentral region

 

Stjernesvermen på biletet er frå det sentrale området i Cygnus, eller ”nordkrossen” som dette store stjernebiletet òg vert kalla. Cygnus, svana, er rettare, for denne har med litt meir. Stjernesvermen me ser er altså ufatteleg store stjernemengder innover i ein av spiralarmane i galaksen vår. I midten eit diagonalt mørkare felt, og Cygnus er kjend for sin ”delte” mjølkeveg, for i spiralarmane er det mykje av mørke tåker som dekkjer for bakliggjande stjerner. Stjerna nede til høgre i biletet er 21 Cygni (Eta Cygni). Ho ligg vel 139 lysår borte, og like til venstre ein raud tåkeflekk som vert kalla Sh2-101. Til venstre for denne att ein stjernehop som heiter NGC 6871. Oppe til venstre i biletet ei tydeleg raud tåke (boge) kalla NGC 6888, og heilt oppe til venstre litt av tåka rundt stjerna Sadr (som ikkje viser på biletet).

Frå SkyAtlas Companion 2000:

NGC 6888 (up left): C27, Crescent Nebula. Faint, very large, very elongated; crescent shaped; illuminated by a 7.4-mag. star. Double star attached.

Canon EOS60Da, EF70-200mm f2,8L IS II USM, vel 30 eksp. a 27''


Tromboneslide

 
Her er brukt ein laus blitz avfyrt under eksponering, innstilling på B.
 
EF 60mmf2,8 Macro USM

Trombone

 
Ultra super sopranino sopran trombone. Plombert, men det gjer ingenting. Frekvensen er altfor høg til å høyrast uansett.
 

 
 


 

Fyrste snø tett på, Ef-S60mmf2,8 Macro

 

 
 


87 mm nedbør fredag

 
Eigen Gran Canyon.
 
Statsministeren 17. nov 2013:
 
Alle kommunar skal kartleggja rasfare og rassikra yttarleggare.

 
Blad, vatn og kommunal kum. Var det nokon som sa tett?

 
 
 
 

 

Sjølvportrett, inspirert av halloween...

 


Fyrste snø, The first snow, EF-S60mmf2,8 Macro

 

 



 
 

 
 

 

 

lørdag 9. november 2013

URO

 
Fototema ein gong i oktober: URO. Dette foto av eit hus sein, mørk kveld. Zooma under eksponering. Seinare invertert i Elements. Eit sint fjes med spisse augebryn?

 
URO: fysisk uro, men indre uro, kva møter ein der inne?

 
URO: statisk kontra rørsle: tre/gatelys kontra bilar som passerer. Lang eksponeringstid. Liten blendar gjer stjerneformasjon på gatelysa. EF-S15-85mmf3,5-5,6 IS USM

Speglingar

 
Trappespegling.
 

 
Byspegling. EF24-70mmf2,8L II USM, EOS7D.

Juliskog

 
Under trekrunene. Juli 2013, EF24-70mmf2,8L II USM, EOS 7D.

"Flotte bilder i gråvær"



Frå Digital foto nr. 16/2013 s 25:
"Bildet, som er tatt av Tryggve Dyrvik, viser at det fint kan la seg gjøre å ta fargerike bilder i gråvær. Den klare rødfargen lyser godt opp i forhold til bakgrunnen. Regndråpene som sitter på tørkesnoren, som går diagonalt igjennom bildet, er med på å gjøre motivet interessant. Det er brukt et Canon EOS7D og et EF-S60mmf2,8 macro USM - objetiv."


 
Elvar etter mykje nedbør siste tid. Gråvær, ja!

Oddvar Torsheim

 
Oddvar Torsheim med teikning av båt. Over blå dør. Sjølvsagt, nesten.

søndag 3. november 2013

Cygnus, NGC 7000, The North American Nebula, Nordamerikatåka og Deneb

 


Stjerna Deneb er av av dei tre stjernene som utgjer “sommartriangelet”. Deneb er i sanning ei monsterstjerne, ei kvit stjerne med overflatetemperatur på 9700Kelvin, og er ei av dei fjernaste av dei lyssterke stjernene. Avstanden er om lag 1600 lysår, og absolutt magnitude -7,1. Deneb er av dei største supergigantane me kjenner, med diameter om lag 60 gonger sola. Lysstyrken er kring 60.000 solstyrken, og skin for oss med mag. 1,26. På denne avstanden hadde sola hatt ein lysstyrke på kring 13, og med det usynleg til og med i middels store teleskop. Deneb er ofte rekna for å vera hovudkjelda til lysstrålinga frå emisjonståka (ioniserte hydrogenatom) NGC7000, som viser tydeleg på fotoet til venstre for Deneb. Namnet Nordamerikatåka kjem av den umiskjennelege forma.
Nordamerikatåka har ein avstand på kring 1600 lysår, og strekkjer seg over heile 60 lysår.  Mellom Amerikatåka og Deneb finn me Pelikantåka. Nedanfor dette emisjonståka LBN 329. Til venstre for Amerikatåka den oransje stjerna 62 Cygni (xi Cygni), med storleik på 583 solradiar, og som ligg 1186 lysår borte. Området er òg fullt av mørke tåker, heilt øvst i biletet den svarte tåka B352, og LDN953 mellom Am.tåka og Pelikantåka.
Foto med Canon EOS60Da,  ISO 6400 og eksp.tid på ca 27 sek, med litt over 30 eksponeringar. 200mm telelinse på kroppa sensor.  
Tekstkjelder: Burnhams Celestial Handbook, Sky Atlas 2000, SkyAtlas2000 companion, Starry Night planetarium.