torsdag 30. januar 2014

Laser i is

 
Med total snømangel supplert med kulde vert det is. Endå meir is.
 



 
EOS 7D, EF-S60mmf2,8 macro II USM, B.


lørdag 25. januar 2014

Perseus, NGC 869 og NGC 884,

 
I Burnhams står det:
”The sun is located in one of the spiral arms of the system, and the Perseus cluster, the nucleus of a great swarm of giant stars, would seem to mark the next spiral arm going outward, away from the galactic senter.”
(s 1441)
I vårt galakseplan, altså nærare bestemt utanfor oss, nemleg i nærleiken av den kjende W-en som er Cassiopeia, der finn me eit stjernebilete som kallast Perseus. Med berre auga ser det ut til at det er ei tåke der oppe, og med eit lite teleskop eller ein prismekikkert ser me eit fantastisk vell av stjerner samanklumpa i to tettliggjande hopar. Det er mange supergigant-stjerner i desse to hopane som ligg tett ved sida av kvarandre. Med god grunn vert denne hopen kalla Dobbelthopen. NGC 859 er den vestlege av dei to med omkring 200 stjerner. Avstand 7200 lysår, 60 lysår i utstrekning, omkring 5,6 millionar år. Den austlege av dei to hopane heiter NGC 884 og inneheld om lag 115 stjerner, utstrekning 70 lysår. 7500 lysår borte, 3,2 mill år gammal.
(SkyAtlas Companion 2000.0)
EOS60Da, TV27’’AV2,8, 200mm, 34 eksp.

Spir



Spir stikk hol på himmel-loket. HDR-foto, sett saman ved hjelp av programmet Photomatix, teke med såkalla autobracketing, dvs. tre ulike eksponeringar samansett.
 
EOS7D, 24-70mmf2,8L II USM

Butikkutstilling








 
Fotoklubben hadde felles tema BUTIKKUTSTILLING, og då handlar det om å gjera ein del val. Møtet var om kvelden, og det var stengde butikkar og mørkt. Det betyr at me måtte nøya oss med det lyset som var inne i butikkane, og dei fleste motiv var uråd å ta med stativ, på grunn av høgda på butikkvindauga. Det betyr kort og godt eit lyssterkt objektiv, og gjerne kombinert med flytande ISO/høg ISO. Det betyr nok ein gong RAW-filer og god behandling mot støy i RAW-behandlinga. Her nokre av mine utvalde motiv frå Johnsens rotebu, der er det meir enn nok av motiv.
 
EOS7D, EF24-70mmf2,8L II USM

mandag 20. januar 2014

Icy dreams

 
Når snøen er borte og skia må bli i bilen går det an å ta i bruk kameraet.
EOS 7D, EF-S 60mmf2,8 macro USM





 
 




Kva er dette?

 
Nei, det er verken den nye fotballen til landslaget eller Jupiter, men SOLA!
Det vesle me fekk sjå av henne, såvidt over fjellkanten bak skyer og sterk lufturo. Men du verda for eit spennande og sjeldant objekt!
Legg spesielt merke til ein liten solflekk midt på nedom senter av solskiva. Denne er på soloverflata.
Sola er så stor at ho inneheld 99,8 % av totalmassen i solsystemet (Pål Brekke), ho har ein diameter på 1,4 millionar kilometer (Jorda er 13.000 km i diameter) og ligg i snitt 150 millionar km borte. Jorda går i ein svak elliptisk bane, og er nærast Sola i starten av Januar. Jorda susar rundt sola i ein fart på 108 000 km/t. På eitt år kjem me altså ein rundtur.
 
EOS7D, 90 mm katadioptrisk teleskop, Maksutov-Cassegrain i primærfokus, 1250mm brennvidd.
 

Blits på is





 
Det er fint å arbeida under ekstremt dårlege lysforhold. Her er det litt bakgrunnslys frå utelampar, gatelys og liknande supplert med blits og lang lukkartid. B-innstilling. EOS 7D, EF-S60mmf2,8 macro USM

onsdag 15. januar 2014

Taurus, M45, Pleiadane

 
 
I Taurus finn me velkjende Pleiadane, eller sjustjerna, ein open stjernehop etter kosmisk målestokk er heilt i ungdomen. Stjernene er såpass nydanna at me ser tåka rundt som restar etter stjernedanninga, dette er refleksjonståke.
Stjernehopen er ”undoubtedly the most famous galactic star cluster in the heavens, known and regarded with reverence since remote antiquity.” (Burnhams s 1863). Sjølve stjernehopen inneheld mange fleire stjerner enn dei sterkaste me ser, som for øvrig kan likna litt på ei “mini-karlsvogn”. ”Handtaket”, stjerna nederst og lengst til venstre heiter Atlas og ligg 381 lysår borte. Vidare finn me ein firkant med nedre venstre, Alcyone 369 ly, til høgre Merope 360 ly, oppe til venstre Maia 360 ly, og oppe til høgre Electra 371 lysår borte. Det er vel dei sterkaste stjernene, og avstandane indikerer sjølve avstanden til hopen Pleiadane, som er ein av to store opne hopar i Taurus, den andre Hyadane.
”All told, the cluster contains at least 100 stars with a large range (…)” (Sky Atlas Companion 2000). Hopen strekkjer seg over eit rom på 12 lysår, og er omlag 78 millionar år gammal.
EOS60DA, EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, AV3,8, TV27’’, 31 eksp. (her kroppa).
Tryggve Dyrvik
 

Andromeda, M31, M32 og M110

 
Andromedagalaksen, M31, strekkjer seg ut i all sin velde på vinterhimmelen. Dette er ein spiralgalakse i vårt ”nabolag” i det store verdsrommet. Galaksen er om lag av type og storleik (litt større, faktisk) som vår eigen galakse, Mjølkevegen. 2,5 millionar lysår borte ligg han, og det er det fjernaste objektet som er synleg med berre auga, som ein svak skuggeflekk på ein klar og månefri himmel. Me ser faktisk denne galaksen akkurat slik han såg ut då dei fyrste menneskeliknande skapningane traska rundt i Afrika.
Galaksen viser tydeleg detaljar som klare støvband og eit stort stjernedanningsområde i nedre del av galaksen (206). Med seg har Andromedagalaksen to satellittgalaksar (slik vår galakse òg har), og desse to finn me på kvar si side av Andr.galaksen, det vil seia at den til venstre, M32, ligg liksom litt ”inni” Andromedagalaksen, i alle fall ser det ut slik for oss frå vår synsvinkel. Den andre satellittgalaksen, M110, ser me tydeleg ute til høgre.
EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, TV27’’, AV2,8, 28 eksp.
Tryggve Dyrvik

Cepheus, Sh2-129



Like nedanfor stjerna Alderamin i Cepheus finn me tåka Sh2-129. På biletet viser denne seg som ei svak raud tåke som strekkjer seg i ein halvboge mot nedre biletkant. Tåka strekkjer seg eigentleg lenger sør, forma som ein C, og i midten eit stjernepar, me ser dette i biletkant. Den oransje-raude stjerna nest nederst er variabel og er målt 10872 lysår borte! (Starry night Pro Plus). På grunn av lysstyrken må det bety at stjerna er enormt stor, og 28691 sol-radiar fortel oss at dette er ei oppsvulma gigantstjerne kanskje i siste livsfase.
Til venstre i biletet nok ei oransje-raud stjerne, denne 988 lysår og 242 sol-radiar. Oppe til høgre ei liknande stjerne med avstand på 1631 lysår og 186 sol-radiar. Dei tre stjernene midt i biletet, den nederste på 3106 lysår og 278 sol-radiar, i midten 246 lysår og 2,5 sol-radiar, og øverst ei stjerne på 429 lysårs avstand og med 14 sol-radiar i storleik.
Foto: EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, TV27’’, AV2,8, 24 eksp.
Tryggve Dyrvik


mandag 6. januar 2014

Cepheus, Cassiopeia, M52, NGC 7635, 7538, Sh2-155

 
M52 er ein flott open stjernehop, lokalisert i Cassiopeia og øverst i biletet her.
”Detached, strong concentration of star; moderate range in brightness; large. Rich sparkling group og at least 100 suns (Mullaney). (…) Cluster extends 10 ly, distance 3,000 ly; age 35 million years”.
(SkyAtlas 2000 Companion  2nd edition).
Like nedanfor M52 ser me den sterkt raude emisjonståka NGC 7635, eller Sh2-162 (Starry Night Pro Plus). Inni denne ligg ei ”boble”-tåke, også kalla Bubble Nebula. Den sterke stjerna inni tåka ligg mot eine sida i denne bobla, og ho kan skimtast på biletet her, men berre ein del av denne tåkebobla.
Det står meir om dette i Sky and Telescope jan 2013 s 65:
“NGC7635 is being shaped by powerful winds from the massive, ultrahot, 8,7-magnitude star SAR 20575 (BD+60gr 2522). The 6-light-year-wide Bubble (curiosly, not centered on SAO 20575), is expanding fast; its rim is the edge of a shock wave that’s plowing into the surrounding H II region. Little of that broader nebulosity is visible in amateur telescopes, and most of the embedded Bubble is dark. Here be a challenge!”
Til høgre i biletet NGC 7538, ei anna emisjonståke, tydeleg og kompakt. Endå ei raud emisjonståke finn me heilt til høgre i biletet, Sh2-155, og Sh2-175, ei større og meir uttynna tåka nedanfor, like til venstre for sentrum av biletet. IC1470, ei lita og svak tåke ligg til ned mot høgre biletkant.
EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, AV2,8, TV27’’, 200mm (kroppa sensor), tils ca 30 eksp.
November 2013,  Tryggve Dyrvik

søndag 5. januar 2014

lørdag 4. januar 2014

Vulpecula, The Coathanger / Brocchi’s cluster

 

Dette fotoet er ikkje teke under optimale forhold, litt blå-bleike skyslør har sett sitt preg på dette fotoet av eit kjent asterisme på stjernehimmelen vår, nemleg Kleshengaren, kjent som The Coathanger (Brocchi’s cluster). Me ser ein opp-ned ”kleshengar” i biletet nede til høgre. Det ser ut til at desse stjernene er ”på linje”, men det er nok berre frå vår synsvinkel, for dei ligg ikkje ”i lag” eller har noko med kvarandre å gjera, det er berre tilfeldig slik sett frå oss. Litt opp til venstre for midten av kleshengaren ser me ei litt lysare stjerne-fortetting, og det er ein open stjernehop som heiter Cr 399. Litt nede til venstre, som ei slags forlenging av kleshengaren, viser ein ”stjerneklump”, og dette er òg ein open stjernehop, NGC 6802 (Starry Night Pro Plus).

Dette området er fullspekka av stjernesvermar, som tyder på at det er frå galakseplanet vårt, Mjølkevegen. Stjernebiletet er Vulpecula, og det ligg like ved Cygnus, Svana. Sjølve Vulpecula-stjernebiletet er lite og unnseleg, men Kleshengaren kan ein sjå med berre auga, men motivet framtrer fyrst med ein liten kikkert.

Okt 2013: EOS 60Da, EF70-200f2,8L IS II USM, TV27’’, AV2,8, ca 30 eksp, Deep Sky Stacker.

Tryggve Dyrvik


Cepheus, Delta Cephei, B169, Sh2-135

 
 
Cepheus er eit stjernebilete som står høgt på himmelen for oss på våre breiddegrader. Me ser av biletet at utsnittet rommar ein sverm av stjerner, og det betyr at stjernebiletet er del av galakseplanet vårt der dei fleste objekt er å finna. Like under midten av biletet finn ser me eit trapes av stjerner, frå venstre Delta Cephei, nede til høgre Epsilon Cephei, og gul-oransje Zeta Cephei litt ovanfor.
Delta Cephei er ei spesiell stjerne som varierer i lysstyrke. Dette skuldast ikkje dobbeltstjerne som går i omløp rundt Delta, men rett og slett at stjerna varierer i seg sjølv. Stjerna aukar brått i lysstyrke før styrken fell gradvis, med periode på nokre dagar. Stjerner av denne typen vert kalla Cepheidar etter Delta Cephei som vart oppdaga å ha slike variasjonar i 1784. Det står i Burnhams Celestial Handbook s 585:
”These remarkable objects form one of the most important and interesting class of variable known in the Universe. (…) Cepheids are all very luminous white and yellow giants of spectral types F, G and K, and may form a connecting link between the red giants and the highly luminous main sequence stars.”
Desse stjernene har ein typisk periode på 5 til 8 dagar. Delta Ceph  er dessutan ei dobbeltstjerne, nokså vanleg å sjå i universet.
Heilt til høgre i biletet ser me mørk tåke (dark nebula) B169, og ein mindre litt mot venstre B174.
Litt til høgre for Delta Cephei ligg ei raud emisjonståke, og denne er ikkje innteikna i vanlege stjernekart som SkyAtlas eller Uranometria, men planetariet Starry Night finn me ho, og der står det om denne:
”Sh2-135 is an emission nebula. Nebulae are giant clouds of dust and gas. Emission nebulae are regions of hydrogen gas very close to young, hot stars. Light from the stars heats the hydrogen gas, raising its temperature up to 10000 K. At this temperature, the gas clouds glows red, giving emission nebulae their distinct reddish appearance.
LBN491, ei anna emisjonståke finn me litt til høgre for Sh2-135.
Like nedanfor denne raude tåka ser me ein ”klump” med stjerner, og det me ser er ein open stjernehop som er kalla NGC 7261.
Okt 2013, EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, TV27’’, AV2,8, stacking av ca 30 eksp, Deep sky stacker.
Tryggve Dyrvik


onsdag 1. januar 2014