søndag 23. februar 2014

Vidvinkel-astro



 

 
Voldsom vignettering er resultatet ved lange eksponeringar og berre ei eksponering. Men likevel, ...
 
EOS7D, EF-S15-85mmf3,5-5,6 IS USM, TV15'', AV3,5 ISO 3200

Svaner i Morkadalen

 
Svaner i Morkadalen, - stafettlag?

Klarhol 2

 
 

 
EOS 7D, EF-S15-85mmf3,5-5,6 IS USM

Ocean Pride i kamp ved Bukketjuvane

 
"Ocean Pride" såg ut til å kjempa mot storbårene ved Bukketjuvane, men det var ikkje så ille. Med tele virka alt litt nær. 400mm.
 
EOS7D, EF70-200mmf2,8L IS II USM + 2x converter


Sjøkanten

 
Sjøkanten skjuler mykje. Ein må berre ta seg tid.
EOS 7D, EF-S60mmf2,8 Macro USM


Klarhol i HDR

 
 
Det heiter "klårhol" på Stad når sola bryt gjennom skydekket. Det er eit flott skue, men kan vera vanskeleg å knipsa i all sin velde. Med eit HDR-foto går det lettare å få med detaljar i både høglys og mørkeparti, og så dukka det her opp flotte og dramatiske detaljar i skydekket, altså i mellomtonane, dette var detaljar som elles ikkje var så lett å sjå. 

Komplementærfargar

 
Med oransje og blått får me komplementærfargar. Eitt i storskala og eitt makro.


torsdag 20. februar 2014

Stjernespor

 
Stjernespor, her med meteor inkludert! Nei, verda og universet er ikkje statisk, men i endring heile tida. Jorda snurrar, og på nokre minutt ser me resultatet. Her med 100 eksp. for kvart foto. Polaris (polarstjerna) står i midten, og heldig for oss så er denne stjerna svært nær vår eigen polakse, slik at me kan bruka denne stjerna til å sikta etter. Fotoet viser likevel at stjerna ikkje står perfekt i nord, men ho kjem berre litt nærare dei neste tiåra. Etter 2100 vil nordpolpunktet sakte flytta seg bort, dette på grunn av presesjonen.


tirsdag 4. februar 2014

lørdag 1. februar 2014

Solaktivitet

 
For nokre dagar sidan vart det sagt på Startsida at sola er uvanleg tam for tida, og kanskje det kan tyda på at me snart får eit nytt maunder minimum, slik som på 1700-talet.
Eller kanskje ikkje, seier eg. Sola har vore uvanleg stille (me ser det best på solflekkaktiviteten), men i dag var det lett å sjå ei diger solflekkgruppe, og det tyder på aktivitet i alle fall!
 
Sola står framleis nokså lågt, og her er me plaga av sterk turbulens (det viser tydeleg på solranda, som skulle ha vore glatt og fin, og ikkje hompete).
 
EOS7D, ETX90mm Maksutov-Cassegrain teleskop