mandag 23. juni 2014

Ursa major, M101, Pinwheel Galaxy

 

I Ursa major (Store bjørn) ligg galaksen M101. Me finn han litt nord for sjølve ”staget” i asterismet Karlsvogna. Sjølv om dette er ein av dei meir lyssterke galaksane me ser, mag 7,7 (SkyAtlComp), så er det litt spesielt med denne galaksen, for han vender flatsida mot oss (face on), og dermed vert overflatelyset spreidd på ei større flate, og han vert meir svakt diffus. Me ser likevel tydeleg spiralstruktur på dette fotoet. M101 ligg om lag 27 mill. lysår borte (SkyAtlasCompanion). Ein av galaktiske armane  strekkjer seg ut frå resten av strukturen. Galaksen er full av stjerneskyer der stjernedanninga er på topp. Galaksen er mykje større enn vår eigen Mjølkevegen, M101 er kring 170.000 lysår tvers over.



 

Like nedanfor M101 ser me NGC 5474, ein mindre galakse med lysstyrke mag 110,8,  18 mill. lysår borte (skyAtlComp).

Foto:
EOS 60Da, Ef70-200mmf2,8L IS Ii USM, 200mm, AV2,8, TV27’’, sett saman av kring 40 eksp.


torsdag 19. juni 2014

Gradert LEE-filter, testfoto

 
Her med gradert filter.

 
Med gradert filter.



Utan gradert filter.

Auriga, M36, IC417, M38

 
I kjernen av Auriga finn me fleire flotte objekt, ikkje minst opne stjernehopar. Til venstre her er M36, og til høgre M38, begge opne stjernehopar som er lette å sjå i ein prismekikkert, td 7x50. M38 inneheld om lag 100 stjerner, ikkje særleg konsentrasjon, stor og flott stjernehop med mag 9,5. Ingen tåker i denne hopen. Han strekkjer seg ut 16 lysår i ein avstand på 2600 lysår frå oss. M36 (til venstre) er litt mindre, med 60 stjerner og ei utstrekning på 13 lysår. Denne ligg lenger borte, 3700 lysår. Dette er ein yngre hop enn M38. Nedanfor desse ser me ei tåke, IC417, og litt oppover mot M36 ei mindre tåke med namnet NGC1931.
EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, på 200mm.
 
 

tirsdag 17. juni 2014

Leo, M105, M95, M96

 
Leo, Løva, byr på fleire flotte galaksar.
 

 
Her kroppa foto viser nederst to lyssterke og store galaksar, fv M96 (mag 9,2) og M95 (mag 9,7). M95 er ein stavspiralgalakse, om lag 29 millionar lysår borte (SkyAtlas 2000 Companion).  Litt lenger oppe til venstre finn me ein galaksetrio, galaksen til høgre her er M105. Elles NGC 3384 og 3373. M105-trioen ”form a little triangle 8’ on a side. These objects are evidently dynamical members of the M95-M96 group, with a projected separation from the bright pair of about 400,000 light years” (Burnhams s 1078). Altså kring 400 000 lysår mellom M105 og paret M95-M96.
 
 
 
 
Her ser me trioen med M105 nede til venstre, medan det øverst i fotoet viser galaksane NGC 3377 (mag 11,13), denne øverst til venstre, 3367 (mag 12,05) som ein tåkeflett litt til høgre, like ovanfor eit tett stjernepar, NGCV 3338 (mag 12,09)lenger borte til høgre tett ved ei stjerne.
EOS 60Da, 70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm. Ca 40 eksp, AV2,8, TV27’’.
 

 
 
 
 

mandag 16. juni 2014

Auriga, IC405, IC410, NGC1893, IC417

 
Auriga, stjernebiletet Kusken, eit av dei mest utståande mønstra på himmelen, men likevel kanskje ikkje så kjent som andre liknande stjernebilete, og som andre stjernebilete i nærområdet, Tyren, Orion.
Biletet viser eit område like ovanfor (nord for) horna til tyren i Taurus. Me ser her tydelege emisjonståker, til høgre som ein F-nøkkel tåka IC405, i fylgje Starry Night har den mest lyssterke delen øverst innslag av refleksjonståke. IC405 står omtalt i SkyAtlas Companion som ”Flaming star nebula. Very large, very faint; use an O III or H-beta filter if possible.”
Vidare, til venstre for stjernene 19, 18, 17 og 16 Aurigae emisjonståka IC410, og denne omringar stjernehopen NGC1893, mag 7,5, ca 60 stjerner, distanse 13 000 lysår.
Ovanfor dette ser me tåka IC417, litt lenger opp til venstre NGC1931, og øverst mot biletkant stjernehopen M36, svak konsentrasjon, men stort omfang i lysstyrke på stjernene, denne hopen strekkjer seg 13 lysår i diameter, distanse til oss er 3700 lysår. Me skimtar stjernehopen NGC1907 sentrert mot øvre biletkant.
EOS 60Da, 70-200mmf2,8L IS II USM, brukt på 200mm.

søndag 15. juni 2014

Elv

 
Det går fint an å få til langeksponeringar utan stativ, om ryggsekken er med passar han fint til å balansera kameraet på.