mandag 22. september 2014

Cygnus, NGC 6888, B145, NGC 6871 og Sh2-101

 
Mellom ”kroppen” og ”hovudet” i Cygnus, altså mellom stjerna Sadr og Albireo, finn me ein tett stjernevrimmel, som del av det tette mjølkevegbandet. Her er det mange utsøkte objekt. Me ser litt av tåka rundt stjerna Sadr heilt oppe til venstre i biletet (sjølve Sadre er ikkje med). Nedanfor denne ser me ei raud ”boble”, NGC 6888, til høgre for denne stjernehopen Bas6 (lita fortetting av stjerner), og yttarleggare til høgre den mørke tåka B145. Denne ser ut som ein mørk fugl på vingar. Vidare ned og midt i biletet stjernehopen NGC 6871, og til høgre for denne den markert raude tåka Sh2-101. Denne til til venstre for stjerna 21 Cygni. Heilt til venstre i biletet kan me sjå den raude svake tåka Sh2-104, og litt inni stjernevrimmelen til høgre ligg ein stjernehop 6883.
Foto: EOS60Da, EF70-200mmf2,8L II

fredag 19. september 2014

Vulpecula, Kleshengaren, Coathanger/Brocchi’s cluster

 
Sør for haust-stjerneteiknet Svana (Cygnus) finn me Vulpecula, eit lite stjernebilete. Nede til høgre på biletet ser me eit spesielt kjenneteikn, nemleg stjerner i formasjon som liknar ein opp-ned kleshengar, difor namnet Coathanger. Det ser ut til at stjernene ligg på ”linje”, men det ser berre slik ut frå vår synsvinkel i verdsrommet.
Like til venstre for denne stjernehopen som deler av Coathanger er ein del av, Cr 399, ser me ein lysande flekk. Dette er ein open stjernehop med lysstyrke 8,80;  NGC 6802. Hopen er såpass markert at det er merkeleg at denne ikkje er avmerka i SkyAtlas 2000.0.
Like over høgre del av Coathanger er det nok ein open stjernehop, om enn ikkje så tydeleg. Denne heiter IC1299.

Elles ser me tydeleg tåker i denne delen av vår galakse, som for øvrig ligg i galakseplanet.
Foto: 200mm (eff. 36mm) med EOS 60Da, EF 70-200mmf2,8L.

mandag 15. september 2014

Solrotasjon, solflekkane flyttar seg 26.-31. august 2014





 
 På desse få dagane er det lett å sjå korleis sola roterer og tek med seg solflekkane på runden sin. Slike flekkar oppstår, utviklar seg og forsvinn, men desse flekkane er i alle fall nokolunde stabile desse dagane. Det er ein dag mellom kvart foto bortsett frå litt meir mellom dei to siste. På dei siste to bileta viser det godt at solflekkar oppstår og utviklar seg. 
Me ser at sola roterer same veg som planetane går i bane rundt sola. Det vitnar om at planetane og sola vart ein gong danna av den same virvelmassen av ei støvsky, der det meste av massen samla seg i sentrum og til slutt tende sola.
 
Foto: Meade ETX90-teleskop, EOS7D-kamera.

søndag 14. september 2014

HDR drama

 
Kanskje litt sterk HDR-effekt her, men likevel...


 
 
 
Dette foto er ikkje HDR, men har vorte biletbehandla med topaz labs plug ins til Elements.

lørdag 13. september 2014

Fotografen padlar



Det er flott å vera fortruleg i og med det våte element.
 

 
 

 
 

 

 
Opp att etter ein velt, veldig bra at kameraet var på land...

søndag 7. september 2014

Cepheus, Mu Cephei, IC 1396

 
Cepheus på nordhimmelen inneheld flotte tåker, svak og stor emisjonståke som heiter IC 1396. Midt i denne ser me ein open stjernehop med 50 stjerner, ulik lysstyrke og elles nokså spreidd hop. Avstanden er 2600 lysår. Like nord for denne ser me ein svart flekk, dette er svart tåke B161, elles nokre svarte tåker like nedanfor hopen: B160 som ein omvend ”C”, til høgre for denne B365. Elles ein liten, svart tåkeflekk ovanfor C-en, B163, og ein endå mindre lenger opp, B367. Heilt oppe til venstre for midten ser me litt av svarte tåker B169, 70.
Det mest spesielle objektet er likevel stjerna som lyser mot oss frå nordlegaste deler av emisjonståka, like opp til venstre for midten: Mu Cephei. Denne stjerna er av spektrum M2 og er kalla ”The Garnet star” (Burnhams Celestial handbook p 596). Dette er truleg den raudaste stjerna synleg for auga på den nordlege halvkula. Ho varierer i lysstyrke og har eit irregulært mønster. Avstanden er i Stellarium notert til 5261 lysår, med ein absolutt mag på  -6,84, synleg mag 4,2 her. Mu Cephei er ei raud kjempestjerne, diameteren fleire hundre gonger sola, og stjerna er av dei mest brilliante av alle kjende raude superkjemper. Denne stjerna har faktisk vassdamp-band i spekteret sitt!
Foto: EOS 60Da, 200mm.