mandag 29. desember 2014

Månen tre dagar veksande


Når månen viser fase, anten som veksande eller minkande, då er det best å studera detaljar på overflata. Området ved terminator, grensa mellom natt og dag, der står sola lågt og landskapsformene slår skuggar. Dermed er endåtil små former lett synlege på grunn av den skarpe kontrasten mellom solopplyste område og område i skugge.

 

Nederst viser Mare Crisium. ”Krisehavet”. Store liknande sandsletter viser som mørkare flekkar på månen. Desse vart ein gong kalla ”hav”, og har fått namn etter det. Månen er totalt fri frå flytande vatn i alle fall.  Dette er eit nedslagskrater frå tidleg i solsystemet si soge. Krateret har seinare vorte fylt med støv/sand. Dette ”auga” ser nokså rundt ut frå jorda, men det ligg så nær synleg horisont for oss, så det er eigentleg eit ovalt sand-og støv”hav” på 176000 kvadratkilometer, eller like stort som Storbritannia. Me ser fleire store krater nær terminator, blant anna krateret Atlas (87 km) langt nord, så to mindre, Cepheus, og Franklin, før me ser eit framståande krater like vest for Mare Crisium, Macrobius, og eit større Cleomedes (126 km) like nord for Mare Crisium.

 
 
Fotoet her viser meir ekvatoriale område mot austleg månehorisont, Mare Crisium tydeleg, og nedanfor denne eit større ”hav”; Fruktbarheitshavet, eller Mare Fecunditatis. Denne ”sandsletta”, som for øvrig inneheld både høgdedrag og andre småkrater ma, er akkurat like stor som kongeriket Noreg. Storleiken på Mare Fecunditatis er 326000 km2, medan Noreg er på 323800 km2 (ink vatn, sjøar og øyar). Me ser eit større krater (lyst) mot den austlege grensa på M Fecunditatis, og dette har eit sentralt fjell slik mange større nedslags- krater har. Tenk på når du kastar ein stein i vatn, så får du ei sentral vass-søyle rett opp like etter nedslaget av steinen. Slik òg når større steinar har truffe
månen i enorm fart og utløyst så store energimengder at det har vorte danna krater med sentral fjelltopp i miden. Litt av eit inferno det må ha vore!
Landskap som er vanlege på månen er vollsletter, ringfjell etter større nedslag, krater, kratergruber, fjellkjeder, kryptar og kløfter som ser ut som ”bekkefar”.

 

Nordre del av dette fotoet viser sørlege del av Mare Fecunditatis og fjell-og kraterområdet på den sørlege halvkula. Månen har mange fleire krater på den sørlege halvkula enn den nordlege. Sidan månen har bunden rotasjon er det den same halvkula som vender mot jorda heile tida. ”Baksida” av månen har nesten berre kraterdekte fjellområde, og få og små vollsletter, sandsletter, eller ”hav”.


Fotoa her med EOS 7D tilkobla katadioptrisk teleskop Smidt-Cassegrain, 10 tommar. Brennvidd 2500mm.

Kjelder elles er Familiens store verdensatlas og Antonin Rükl: Atlas of the Moon.

mandag 22. desember 2014