torsdag 29. januar 2015
søndag 25. januar 2015
Kvartventilsnor - rettleiing
Rettleiing til å tre kvartventilsnor. Start med å tre ned gjennom staget til venstre i biletet. Knute på tråden fyrst. Så rundt hovudrotor, mot deg att og rundt skruen nede til høgre. Vidare tilbake og rundt hovudrotor og gjennom staget midt i biletet. Tilbake og rundt skruen øverst.
NB: skruen vist med pil er svært liten og fordrar lite og smalt skruhjern. Det er denne tråden skal festast i, og dette er siste festepunktet. Synest det er noko svakt.
søndag 11. januar 2015
Stjernespor med Startrails
Alle foto er samansette av eit ulikt antal foto med 1 sek intervall mellom, og der kvar er eksp 14 sek.
lørdag 3. januar 2015
Nyttårsrakettar, foto EOS 7D, EF 70-200mmf2,8L IS II USM
Alle foto med stativ, ISO100, nedblenda noko, og B-lukkar m/snorutløysar. B innstillinga er dessverre ikkje alltid så høgt verdsett, men fungerer mykje betre enn ein skulle tru. Spesielt ved lukkartider over 1 sek er toleransen stor.
Abonner på:
Innlegg (Atom)