søndag 7. desember 2014

Morgon- og kveldsraude



 
Dei to fyrste foto er frå ein morgonhimmel, det siste kveldshimmel. Låg sol gjev oss spesielle ljosforhold.

Joleglede

 
Kjølsdalen skulemusikk har delt ut ein fin joledekorasjon.

mandag 1. desember 2014

Monoceros, NGC 2244, 2237 Rosettetåka

 

I stjernebiletet Einhjørningen, Monoceros, finn me ei flott emisjonståke som har det vakre namnet Rosettetåka. Midt i ligg ein stjernehop, NGC 2244, ”100 stars, weak concentration of stars; large brightness range; large, bright; mag. of brightest star 5.8; involved in nebulosity”. (SkyAtlasCompanion s 94). Avstanden er sett til 5000 lysår.

 

EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM


Cepheus, NGC 7822

 
Fotoet viser eit område tett ved zenit (området rett opp), declinasjon 67 grader N. Det ligg like nord for den stjerna som er lengst til høgre i det tydelege stjernebiletet Cassiopeia, som ser ut som ein W, stjerna heiter Caph og er ikkje med på dette fotoet. Biletet viser to tåker i Cepheus, den nedste tåka like på grensa til Cassiopeia. Øverst viser tåka NGC 7822, ”an extremely faint and large arc of nebulosity; posibly a supernova remnant. (…) this is a remarkable object.” (SyAtlasCompanion, s 209).
Nedanfor viser tåka Ced 214, “medium brightness” (SAC s 15).
Foto: EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM.

mandag 24. november 2014

Orion, Alnitak, Hestehovudtåka B33, IC434, NGC2024 og 2023

 
I Orion finn me Orions belte, ei rekkje med tre skråstilte stjerner. Biletet her viser to av dei, Alnilam øvst og Alnitak nedst. Den siste stjerna er truleg opphavet til strålinga som lyser opp tåka IC434, og med den ser me den mørke tåka stikk opp i framgrunnen. Denne mørke tåka liknar eit hestehovud, og difor namnet. I fylgje Starry night ligg Alnitak på 826 lysår, og i så fall vil IC434 vera omtrent ved same avstand. Viss Hestehovudtåka ligg like framfor vil denne vera om lag 1 lysår tvers over, eller det same som 70.000 gonger distansen mellom jorda og sola (150mill km) I fylgje Burnhams celestial handbook er “”Horsehead nebula” undoubtedly te best known example of a dark nebula in the entire heavens. However, it is almost completely invisible to the eye at the telescope and requires long exposure photographs to reveal its strange and spectacular details.” (s1339)

 
Her heile Orions belte.
EOS60Da, 200mmf2,8. Sett saman av fleire eksp a 27-28 sek.

mandag 27. oktober 2014

Sprut i stein














 
EOS 7D, låst lukkartid, TV, 1/400 sek og 1/800 sek, sidan konvertert til svart-kvit og gjort om til posterize.