mandag 22. desember 2014

Blåtime ved kysten

 
Blåtime ved strandkanten, på Stad.


Haugen barneleikarring med joleprogram på sjukeheimen og eldretunet

 
Haugen barneleikarring med flott joleprogram, her til underhaldning for bebuarar på Eid sjukeheim og eldretun. Takk til Anne Tykhelle som primus motor!
 














Nissestemning

 
Musikalsk nisse

Huskonsert, førjolskonsert, på KMS 19. des 2014

 
Konsert på skulen, med lærar som fotograf. Her innslag med solist på "torskehorn", kornett i vatn, "Se torsken" av "Egil Money Version"














mandag 8. desember 2014

Monoceros, NGC 2264, Christmas Tree Cluster & Cone nebula

 
Like aust for det framståande stjernebiletet Orion er Monoceros, Einhjørningen. Dette er eit stjernebilete som består av svake stjerner, så det krevst mørk himmel, mørketilpassa augo og noko trening å finna dette. Likevel inneheld det mange interessante objekt, ikkje minst ein stjernehop som har fått det klingande namnet Jolatrehopen. Rett og slett fordi han liknar. Her har me snudd biletet opp-ned i forhold til slik me ser det, for då kjem liksom treet meir til sin rett. Det er nemleg slik at eit teleskop må til for å sjå dette, og i ein vanleg newton-reflektor er biletet speigelvendt og opp-ned. Dermed kom ”jolatreet” fram i sin velde. Som SkyAtlas Companion seier det: ”40 stars bathed in bright nebulosity; not well detached from surrounding star field (…) distance 2,400 ly”, altså 2400 lysår borte. Som Burnhams seier det: ”the nebulosity wich surrounds NGC 2264 is not seen in small telescopes, but is dramatically revealed on long-exposure photographs.” (Burnhams (BCH) p 1210)

Cone nebula er ei mørk søyleliknande tåke som liksom stikk seg ned i toppen av treet, som ei mørk kjegle der ”stjerna” skulle ha vore. ”The most awesome and spectacularly beautiful section is the famous ”Cone nebula” (…) it appears as a great dark pinnacle some six light years high from north to south, (…) the whole structure forming a picture of such strangeness and splendor that it scarcely seems natural.” (BCH p 1210).

EOS60Da, ved 200mm, sterkt kroppa, beskore her.

Puppis, M46 og M47

 

I Puppis, ”Akterstavnen”, finn me to flotte stjernehopar, M46 og M47. Litt aust for vår lyssterkaste stjerne, Sirius, så dei ligg lågt på himmelen sett frå våre breidder. Det utfordrar oss ekstra når me skal fotografera, for så lågt er det tjukkare atmosfære og vanskelegare  forhold. M46, den venstre og austlegaste hopen, finst der ute rundt 4700 lysår (Burnhams Cel Handbook), med 150 stjerner med mellom mag 10 og 13, SkyAtlas Comp gjer oss avstand 3200 lysår og med ein diameter på 24 lysår. Me finn ein del tåker i denne hopen.
M47, til høgre, litt lenger vest, er denne stjernehopen. Litt nærare enn M46, og dermed noko mindre og sparsomleg stjernehop. Om lag avstand er 1780 lysår (BCH), med ein diameter på 17 lysår.

EOS60Da, 70-200mmf2,8L IS II USM, foto med 200mm