søndag 5. mars 2017

søndag 13. november 2016

Super duper måne


Månen er ein super duper måne månadag 14. november 2016 fordi han då er nær jorda tett på fullmåne. Månen slingrar litt i sin bane, og det er heilt vanleg, og av og til er han nær og av og til litt lenger frå. 50.000 km slingingsmon er det. Det viser att når månen er full, men ikkje så mykje. Ca 14% større er måneskiva, og lyset er ca 30% sterkare. 


Månen er 356 000 km borte når han er på det næraste (perigee), og 406 700 km når han er lengst ifrå (apogee).




Skal du verkeleg koma tett på månen er det nødvendig med skikkeleg stort skyts. Det lyse krateret nede til venstre er Tycho, etter dansk astronom Tycho Brahe. Krateret er 85 km i diameter og 4850 m djupt. Me ser endå spora etter nedslaget, kvite striper av stein og støv som vart kasta over store deler av måneoverflata. Dette har vore litt av ein smell, og krateret er noko yngre enn dei fleste andre, nokså mykje yngre, faktisk. Difor kan me framleis sjå spora etter nedslaget. 





Det store, kvite krateret nær miden av fotoet er nedslagskrateret Copernicus (etter astronomen Nicholas Copernicus som levde på 14-1500-talet), polsk astronom. Krateret er 93 km i diameter og 3760 meter djupt. I midten ein stentral fjellspiss. 



Månen er ei fantastisk historiebok, på grunn av null geologisk aktivitet ser me på månen restar etter infernoet som var i solsystemet i sin barndom. Den store fjellkjeda til høgre er restar etter eit gigantnedslag som danna Mare Imbrium ein gong. Fjellkjeda nedanfor midten av biletet heiter Montes Apenninus, og over midten oppe mot høgre heiter ho Montes Caucasus. Lengda på Montes Apenninus er 600 km, og har toppar over 5000 meter. Til venstre for fjellkjeda ligg tre markerte krater som i ein vinkel, nede frå venstre Archimedes, Autolycus og oppe Aristillus. Sistnemnde har ein spiss i midten, og det er nokså vanleg etter store nedslag frå verdsrommet. Då smelta grunnen og heva seg opp, akkurat som når du hiv ein stein uti vatn. 

Kjelder: Anotonin Rükl: Atlas of the Moon