Gjegnen sett i eit HDR-perspektiv.
torsdag 28. november 2013
søndag 24. november 2013
Mørketid
Det går fint å fotografera i mørket ute, og gjerne i snø og sludd. Her utan stativ, B-innstilling, der eg heldt open lukkaren på frihand medan eg fyrte av ein blitz med den andre. Heilt utan nokon form for lysmåling eller noko berekning av lysinnfall. Det er lurt å eksponera i RAW, for her vart blitzen litt for sterk framme i biletet, og det går fint å få fram detaljar i utbrente høglys i ein RAW-konvertar. Behandla i Elements.
EOS7D, EF-S15-85mmf3,5-5,6, IS USM
Denne gong med stativ og lukkar på B, når det er mørkt er det ikkje så farleg å eksponera heilt nøyaktig, for kvart sekund betyr så mykje mindre for eksponeringa enn i skarpt dagslys. Eg gjorde fleire eksponeringar av same motiv, og alt frå 15 sek til 30 sek. gav nokså like og tilfredsstillande resultat.
Begge bileta er i ettertid konvertert til svart-kvit i Elements.
EOS7D, EF24-70mmf2,8L II USM, TV31'', AV9, 24mm, ISO200.
Cygnus, Veil Nebula, NGC 6992-6995, 6960
Biletet, teke
med 24 eksponeringar, viser Slørtåka, eller Veil nebula. Tåka er truleg ein rest
etter ein gigantisk supernova for lang tid tilbake. Nordlege del, 6992, og sørlege
(høgre) del, 6960 med stjerna 52Cygni.
SA Companion: ”NGC 6992 (…) Northern part of the Veil Nebula.
Very faint, large, and crescent shaped. Distance 1,300 ly. (…) NGC 6960 (…) This
segment, by itself, is also known as the Filamentary Nebula. Pretty bright, quite
large, and crescent shaped; contains the 4.2-mag. star 52 Cyg.”
Til venstre i
biletet er ein liten og svak galakse synleg som ei ekstra uskarp og avlang ”stjerne”
blant alle dei andre, i venstre del av biletet, galaksen NGC 7013, mag 11,3, distanse
38 mill lysår borte. Ein må zooma i biletet for å sjå dette. I tillegg trengst eit godt atlas og mykje zoom.
EOS 60Da, Ef70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm,
AV2,8, ca 27’’eksp tid.
lørdag 23. november 2013
Cygnus, Sadr, Sh2-108
Til høgre
for senter ser me stjerna Sadr, ho ligg midt i ”krossen” i Svana, stjerna
markerer møtet mellom to armar i Cygnus. Sadr vert og kalla gamma eller 37
Cygni, mag 2,2, spektrum F8, 750 lysår borte, noko som betyr at lysstyrken er
5800 soler!. Rett ovanfor viser
stjernehopen NGC 6910, og til høgre hopen Cr419. Ein merkverdig og fantastisk
region av lyssterke og mørke tåker om lag ei grad aust for Sadr. Den lyssterke emisjonståka
har namnet Sh-108, medan den mørke tåka innimellom er LDN 889. Hopen M29 litt
til venstre for sentrum i nedre del av biletet.
EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM,
200mm, AV2,8, ca 27’’ eksp.tid, kring 30 eksp.
Rasfare!
Prof. Stein Bondevik:
"Det som ser ut til å vere kritisk, er nedbørsmengder i på over ti millimeter i løpet av ein time og/eller eit snitt på seks millimeter kvar time i løpet av seks samanhengande timar. (...) Verre er det med steinsprang. Steinar losnar gjerne medan det regnar intenst."
(Fjordabladet 23. nov 2013)
Nedbørsmålingane i Prestemarka var fredag 15. november: totalt 86,6 mm nedbør, med maks intensitet på 23,6 mm pr/time.
Eid kommune har sett av over 4 mill. kr. til tilleggssikring for nettopp steinsprang (som det pr i dag ikkje er sikra skikkeleg mot). Når skal saka opp og dette iverksetjast?
mandag 18. november 2013
Farleg nær
Viss det er vanskeleg å berekna farten når du køyrer på våte eller glatte vegar, då er det kanskje eit overlevande alternativ å gjera slik som desse sjølvransakande bileigarane på Høynes. Parker bilen. For godt.
søndag 17. november 2013
Cygnus sentral region
Stjernesvermen
på biletet er frå det sentrale området i Cygnus, eller ”nordkrossen” som dette
store stjernebiletet òg vert kalla. Cygnus, svana, er rettare, for denne har
med litt meir. Stjernesvermen me ser er altså ufatteleg store stjernemengder
innover i ein av spiralarmane i galaksen vår. I midten eit diagonalt mørkare
felt, og Cygnus er kjend for sin ”delte” mjølkeveg, for i spiralarmane er det
mykje av mørke tåker som dekkjer for bakliggjande stjerner. Stjerna nede til
høgre i biletet er 21 Cygni (Eta Cygni). Ho ligg vel 139 lysår borte, og like
til venstre ein raud tåkeflekk som vert kalla Sh2-101. Til venstre for denne
att ein stjernehop som heiter NGC 6871. Oppe til venstre i biletet ei tydeleg
raud tåke (boge) kalla NGC 6888, og heilt oppe til venstre litt av tåka rundt stjerna
Sadr (som ikkje viser på biletet).
Frå SkyAtlas Companion 2000:
NGC 6888 (up left): C27, Crescent Nebula. Faint, very
large, very elongated; crescent shaped; illuminated by a 7.4-mag. star. Double
star attached.
Canon EOS60Da, EF70-200mm f2,8L IS II USM, vel 30 eksp. a 27''
Canon EOS60Da, EF70-200mm f2,8L IS II USM, vel 30 eksp. a 27''
Trombone
Ultra super sopranino sopran trombone. Plombert, men det gjer ingenting. Frekvensen er altfor høg til å høyrast uansett.
87 mm nedbør fredag
Eigen Gran Canyon.
Statsministeren 17. nov 2013:
Alle kommunar skal kartleggja rasfare og rassikra yttarleggare.
Blad, vatn og kommunal kum. Var det nokon som sa tett?
lørdag 9. november 2013
URO
Fototema ein gong i oktober: URO. Dette foto av eit hus sein, mørk kveld. Zooma under eksponering. Seinare invertert i Elements. Eit sint fjes med spisse augebryn?
URO: fysisk uro, men indre uro, kva møter ein der inne?
URO: statisk kontra rørsle: tre/gatelys kontra bilar som passerer. Lang eksponeringstid. Liten blendar gjer stjerneformasjon på gatelysa. EF-S15-85mmf3,5-5,6 IS USM
"Flotte bilder i gråvær"
Frå Digital foto nr. 16/2013 s 25:
"Bildet, som er tatt av Tryggve Dyrvik, viser at det fint kan la seg gjøre å ta fargerike bilder i gråvær. Den klare rødfargen lyser godt opp i forhold til bakgrunnen. Regndråpene som sitter på tørkesnoren, som går diagonalt igjennom bildet, er med på å gjøre motivet interessant. Det er brukt et Canon EOS7D og et EF-S60mmf2,8 macro USM - objetiv."
Elvar etter mykje nedbør siste tid. Gråvær, ja!
onsdag 6. november 2013
søndag 3. november 2013
Cygnus, NGC 7000, The North American Nebula, Nordamerikatåka og Deneb
Stjerna
Deneb er av av dei tre stjernene som utgjer “sommartriangelet”. Deneb er i
sanning ei monsterstjerne, ei kvit stjerne med overflatetemperatur på 9700Kelvin,
og er ei av dei fjernaste av dei lyssterke stjernene. Avstanden er om lag 1600
lysår, og absolutt magnitude -7,1. Deneb er av dei største supergigantane me
kjenner, med diameter om lag 60 gonger sola. Lysstyrken er kring 60.000
solstyrken, og skin for oss med mag. 1,26. På denne avstanden hadde sola hatt
ein lysstyrke på kring 13, og med det usynleg til og med i middels store
teleskop. Deneb er ofte rekna for å vera hovudkjelda til lysstrålinga frå
emisjonståka (ioniserte hydrogenatom) NGC7000, som viser tydeleg på fotoet til venstre
for Deneb. Namnet Nordamerikatåka kjem av den umiskjennelege forma.
Nordamerikatåka
har ein avstand på kring 1600 lysår, og strekkjer seg over heile 60 lysår. Mellom Amerikatåka og Deneb finn me
Pelikantåka. Nedanfor dette emisjonståka LBN 329. Til venstre for Amerikatåka den
oransje stjerna 62 Cygni (xi Cygni), med storleik på 583 solradiar, og som ligg
1186 lysår borte. Området er òg fullt av mørke tåker, heilt øvst i biletet den
svarte tåka B352, og LDN953 mellom Am.tåka og Pelikantåka.
Foto med Canon
EOS60Da, ISO 6400 og eksp.tid på ca 27
sek, med litt over 30 eksponeringar. 200mm telelinse på kroppa
sensor.
Tekstkjelder: Burnhams Celestial Handbook, Sky
Atlas 2000, SkyAtlas2000 companion, Starry Night planetarium.
Abonner på:
Innlegg (Atom)