søndag 3. november 2013

Cygnus, NGC 7000, The North American Nebula, Nordamerikatåka og Deneb

 


Stjerna Deneb er av av dei tre stjernene som utgjer “sommartriangelet”. Deneb er i sanning ei monsterstjerne, ei kvit stjerne med overflatetemperatur på 9700Kelvin, og er ei av dei fjernaste av dei lyssterke stjernene. Avstanden er om lag 1600 lysår, og absolutt magnitude -7,1. Deneb er av dei største supergigantane me kjenner, med diameter om lag 60 gonger sola. Lysstyrken er kring 60.000 solstyrken, og skin for oss med mag. 1,26. På denne avstanden hadde sola hatt ein lysstyrke på kring 13, og med det usynleg til og med i middels store teleskop. Deneb er ofte rekna for å vera hovudkjelda til lysstrålinga frå emisjonståka (ioniserte hydrogenatom) NGC7000, som viser tydeleg på fotoet til venstre for Deneb. Namnet Nordamerikatåka kjem av den umiskjennelege forma.
Nordamerikatåka har ein avstand på kring 1600 lysår, og strekkjer seg over heile 60 lysår.  Mellom Amerikatåka og Deneb finn me Pelikantåka. Nedanfor dette emisjonståka LBN 329. Til venstre for Amerikatåka den oransje stjerna 62 Cygni (xi Cygni), med storleik på 583 solradiar, og som ligg 1186 lysår borte. Området er òg fullt av mørke tåker, heilt øvst i biletet den svarte tåka B352, og LDN953 mellom Am.tåka og Pelikantåka.
Foto med Canon EOS60Da,  ISO 6400 og eksp.tid på ca 27 sek, med litt over 30 eksponeringar. 200mm telelinse på kroppa sensor.  
Tekstkjelder: Burnhams Celestial Handbook, Sky Atlas 2000, SkyAtlas2000 companion, Starry Night planetarium.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar