søndag 24. november 2013

Mørketid

 
Det går fint å fotografera i mørket ute, og gjerne i snø og sludd. Her utan stativ, B-innstilling, der eg heldt open lukkaren på frihand medan eg fyrte av ein blitz med den andre. Heilt utan nokon form for lysmåling eller noko berekning av lysinnfall. Det er lurt å eksponera i RAW, for her vart blitzen litt for sterk framme i biletet, og det går fint å få fram detaljar i utbrente høglys i ein RAW-konvertar. Behandla i Elements.
 
EOS7D, EF-S15-85mmf3,5-5,6, IS USM

 
Denne gong med stativ og lukkar på B, når det er mørkt er det ikkje så farleg å eksponera heilt nøyaktig, for kvart sekund betyr så mykje mindre for eksponeringa enn i skarpt dagslys. Eg gjorde fleire eksponeringar av same motiv, og alt frå 15 sek til 30 sek. gav nokså like og tilfredsstillande resultat.
 
Begge bileta er i ettertid konvertert til svart-kvit i Elements.
 
EOS7D, EF24-70mmf2,8L II USM, TV31'', AV9, 24mm, ISO200.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar