Grøne blad mot sumpete myrhol. Nydeleg.
søndag 30. juni 2013
Naturleg gråfilter
Seine kveldar byr på magi i naturen. Fred og ro, eit anna lys, ein annan stemning, naturleg gråfilter.
lørdag 29. juni 2013
M51 "Whirlpool Galaxy" eller Malstraumgalaksen
M51, ein flott galakse!
Galaksen har ein kompanjong som heng tett på. Fyrste oppdaga med spiralarmar, slik som vår eigen galakse. Det var fyrst i 1923 det endeleg vart stadfesta at dette er ein svært fjerntliggjande galakse, og ikkje noko objekt i vår eigen galakse. Han ligg omlag 35 mill lysår borte i stjernebiletet Canes Venatici, nær Ursa Major. Karlsvogna (The big dipper) er eit asterisme (ikkje noko eigentleg stjernebilete), og stjerna heilt til venstre er den ytste stjerna i "staget" på Karlsvogna, stjerna Alkaid som ligg 101 lysår borte.
Foto: 200mm på kamera med APS-C-sensor, AV 2,8, TV 20-25'', 5-10 eksp.

fredag 28. juni 2013
torsdag 27. juni 2013
Vidsyn
Vidsyn. Midt på det vide og det flate ligg ein stein. Større, litt åleine, liksom. Storhavet bak skjuler store krefter. Kom steinen med istida, eller kom han med havet? Eller kanskje ein traktor eller pyramidebyggarbedrift. Ein gong. Kva var nytten? Akkurat no. Nokon stoppa opp ved steinen. Ein dag vert han borte.
Sola
Sola har vandrande solflekkar for tida. Solflekksyklusen er på hell, men nær maksimum. Langvarige solflekkar tek ein heil runde, og det går nokon dagar. Sola er rett og slett plasma. Og ho er diger. Kjempediger. Alle planetane til saman vert berre smårusk i samanlikning.
Vatn
Vatn treng ikkje vera eitt. Vatn er mange. Vatnet her vil ropa: sjå på meg òg! Vatnet her vil bort frå kvarandre.
Blåtur
Det var snakk om skrømt på blåturen til fotoklubben. Slikt finst vel ikkje? Vel, her dokumentert, men visse vilkår må oppfyllast, nemleg gammalt hus, kveld, og kamera med lang lukkartid. Då er det mykje rart som kjem til syne.
Still-leben. Interiør frå gammalt hus, urørt på uvisst kor lenge.
Still-leben. Interiør frå gammalt hus, urørt på uvisst kor lenge.
Abonner på:
Innlegg (Atom)