søndag 4. august 2013

Ursa Major/Store bjørn

 
Fotoet viser galaksane M81 og M82 i Ursa Major.
Begge spiralgalaksar som vår eigen galakse, men dei har ulik orientering mot oss, M81 med flatsida vendt mot oss, mens me ser rett mot kanten av M82. Galaksane ligg 12 millionar lysår borte, M81 er ein av dei mest lyssterke galaksane i Messier-katalogen, mag 7,8, han kan sjåast med prismekikkert. Det er råd å sjå to tydelege spiralarmar. Avstanden mellom galaksane er på ”berre” 150.000 lysår. Biletet viser yttarleggare to galaksar, NGC 3077, mag 10,6 og øverst NGC 2976 med mag 10,84.

Biletet viser stjerna Phad i Ursa major, og stjerna er ei av stjernene i det kjende asterismet Karlsvogna (The big dipper). Phad (Gamma Ursae Majoris) er ei  stjerne som ligg 84 lysår borte frå oss. Like sør for denne finn me den vakre galaksen M109 (NGC3992), ein stong-spiralgalakse. Han skin med magnitude 9,8, og kan dermed skimtast i eit mindre teleskop. Litt nedanfor til høgre finn me ein galakse til av om lag same type, nemleg NGC3953. Denne har ein noko svakare lysstyrke, mag 10,1.

 
Merak viser øverst på fotoet her. Eit stykke nedanfor ser me galaksen M108, og det er ein stong-spiralgalakse med ein magnitude 10,9. Det ser ut til at me ser denne galaksen litt frå sida sidan han ser ut som ein avlang sigar. Av biletet å døma kan det verka som galaksen har ein tydeleg og definert kjerne.
 

 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar