torsdag 20. februar 2014

Stjernespor

 
Stjernespor, her med meteor inkludert! Nei, verda og universet er ikkje statisk, men i endring heile tida. Jorda snurrar, og på nokre minutt ser me resultatet. Her med 100 eksp. for kvart foto. Polaris (polarstjerna) står i midten, og heldig for oss så er denne stjerna svært nær vår eigen polakse, slik at me kan bruka denne stjerna til å sikta etter. Fotoet viser likevel at stjerna ikkje står perfekt i nord, men ho kjem berre litt nærare dei neste tiåra. Etter 2100 vil nordpolpunktet sakte flytta seg bort, dette på grunn av presesjonen.


1 kommentar: