mandag 13. oktober 2014

Virgo med galaksar vest for Vindemiatrix

 

Desse bileta er gjort svart-kvite for å gjera bakgrunnen så jamn som råd. Øverst til venstre to ”tåkedottar”, den eine som ei sterk og overeksponert stjerne, dette er galaksane M60 (største) og NGC 4647. Til høgre M58, og nedanfor 4564, men tydelegast ”tvillingparet” NGC 4568 og oppå 4567. Desse vert kalla dei siamesiske tvillingane.  
Dei  to sterke stjernene nede mot venstre hjørna er Virginis 27 og (nedst) 30. Like ned til høgre anar me galaksen NGC 4608 og tydelegare 4596.
(teke frå SkyAtlas 2000.0)


 

Her utsnitt like ovanfor same området, og her ser me heilt i øvste venstre hjørna galaksen NGC 4698, eit stykke ned til høgre attmed ei stjerne ( i vår galakse, sjølvsagt) 4654, og like til høgre den vesle 4639.  Oppe mot høgre ein liten 4571, like ved ei stjerne denne òg, så den tydelegare og store M90 lenger ned litt forbi midten. Nedanfor denne att M89, men denne liknar meir ei stjerne. Kroppa foto her.


 

Her er heile biletramma med EOS60Da og 70-200mmf2,8L II IS USM på full tele, tilsvarande ca 360mm.

M90: “Pretty large and elongated; extremely bright, very small nucleus. Extends 120,000 ly; distance 41 million ly; Hubble class Sb. A member of the Virgo Galaxy Cluster.” (SkyAtlas Companion 2000.0 p 56)

NGC 4568: “One of the Siamese Twins; very faint and large; bright arms, very small, bright nucleus. (…) interacting with galaxy NGC 4567(…)” (SAC p 149)

NGC4654: “Faint, very large, and elongated. Distance 42 million ly; (…) Member of the Virgo Galaxy Cluster.”


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar