I Orion finn me Orions belte, ei rekkje med tre skråstilte
stjerner. Biletet her viser to av dei, Alnilam øvst og Alnitak nedst. Den siste
stjerna er truleg opphavet til strålinga som lyser opp tåka IC434, og med den
ser me den mørke tåka stikk opp i framgrunnen. Denne mørke tåka liknar eit
hestehovud, og difor namnet. I fylgje Starry night ligg Alnitak på 826 lysår,
og i så fall vil IC434 vera omtrent ved same avstand. Viss Hestehovudtåka ligg
like framfor vil denne vera om lag 1 lysår tvers over, eller det same som
70.000 gonger distansen mellom jorda og sola (150mill km) I fylgje Burnhams
celestial handbook er “”Horsehead nebula” undoubtedly te best known example of
a dark nebula in the entire heavens. However, it is almost completely invisible to the eye at the telescope
and requires long exposure photographs to reveal its strange and spectacular
details.” (s1339)
Her heile
Orions belte.
EOS60Da, 200mmf2,8. Sett saman av fleire eksp a 27-28 sek.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar