mandag 8. desember 2014

Monoceros, NGC 2264, Christmas Tree Cluster & Cone nebula

 
Like aust for det framståande stjernebiletet Orion er Monoceros, Einhjørningen. Dette er eit stjernebilete som består av svake stjerner, så det krevst mørk himmel, mørketilpassa augo og noko trening å finna dette. Likevel inneheld det mange interessante objekt, ikkje minst ein stjernehop som har fått det klingande namnet Jolatrehopen. Rett og slett fordi han liknar. Her har me snudd biletet opp-ned i forhold til slik me ser det, for då kjem liksom treet meir til sin rett. Det er nemleg slik at eit teleskop må til for å sjå dette, og i ein vanleg newton-reflektor er biletet speigelvendt og opp-ned. Dermed kom ”jolatreet” fram i sin velde. Som SkyAtlas Companion seier det: ”40 stars bathed in bright nebulosity; not well detached from surrounding star field (…) distance 2,400 ly”, altså 2400 lysår borte. Som Burnhams seier det: ”the nebulosity wich surrounds NGC 2264 is not seen in small telescopes, but is dramatically revealed on long-exposure photographs.” (Burnhams (BCH) p 1210)

Cone nebula er ei mørk søyleliknande tåke som liksom stikk seg ned i toppen av treet, som ei mørk kjegle der ”stjerna” skulle ha vore. ”The most awesome and spectacularly beautiful section is the famous ”Cone nebula” (…) it appears as a great dark pinnacle some six light years high from north to south, (…) the whole structure forming a picture of such strangeness and splendor that it scarcely seems natural.” (BCH p 1210).

EOS60Da, ved 200mm, sterkt kroppa, beskore her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar