onsdag 2. oktober 2013

Aquila - Altair - B142, B143, B337


Aquila, Ørna, eit stjernebilete langs kjernen av Mjølkevegen. Til venstre sterkaste stjerna, Alpha Aquilae, eller Altair. Dette er ei av dei nære stjernene som er lyssterke. Altair er faktisk 12. sterkaste stjerne på himmelkvelven. Avstanden er 16 lysår, 1,5 gonger større enn sola, kvit stjerne. Det er spesielt med denne stjerna at ho roterer veldig raskt, sola brukar over 25 døgn på ei omdreining, medan Altair roterer på berre 6,5 timar! Det kan berre bety ein ting, nemleg at stjerna ser eggforma ut på grunn av den svært raske rotasjonen.
Stjerna lenger oppe til høgre er ei klart oransje stjerne, denne heiter Tarazed og ligg heile 463 lysår borte. Den høge lysstyrken betyr at dette er ei gigantstjerne.
Rett bortanfor ser me ei mørk tåke. Den mørke tåka ( som ikkje er opplyst av nærliggjande stjerner) liknar ein S. S-en er delt, og tåka er todelt med tittelen B142 og B143. Lenger oppe til høgre er endå ei mørk tåke, ved namn B337.
Stjernene langt bak er kanskje så langt borte som 5000 lysår, tåkene ein plass mellom, ca 1000 lysår borte. Det kan bety at B143 er så mykje som 20 lysår i diameter. 
Fotoet er sett saman av over 20 enkelteksponeringar a 26'', 200mm (kroppa sensor). For å få bort støy må det leggjast til like mange mørke rammer, offsets, og til slutt "flate rammer" for utlikning av vignettering. Alt dette er stacka i Deep Sky Stacker. Vidare er fotoet (som då er nokså mørkt og fortetta) lysna med levels og kontrast i Elements.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar