lørdag 7. desember 2013

Cepheus, Mu Cephei, the ”Garnet Star” og emisjonståka IC 1396



Høgt på himmelen ligg Cepheus, og her får me nyta ei svært vakker emisjonståke, ei rekkje små og mørke tåker, og ikkje minst den spesielle stjerna Mu Cephei, eller the ”Garnet Star”, som med spekteret M2 Ia er ei av dei raudaste stjernene som er synlege med berre auga på den nordlege halvkula. Dette er ei variabel stjerne som varierer mellom mag 3,7 og 5,0. Perioden er irregulær, men har ein gjennomsnittsperiode på kring 755 dagar. Burnhams celestial handbook skriv at stjerna ligg mellom 800 og 1200 lysår borte. Likefullt fortel planetariet Stellarium.org oss at stjerna ligg på heile 5261 lysår borte frå oss. Ho finn seg i den nordlege kant av den store tåka IC 1396.

Mu Cephei er ei raud gigantstjerne, av same klasse som Betelgeuse i Orion. Mu Cephei har likevel ei endå høgare lysstyrke enn Betelgeuse, som gjer denne stjerna til ei av dei mest lyssterke raude kjempene vi har. Diameteren er mange hundre gonger så stor som vår eiga sol! Absolutt mag -6,84!

Det som er heilt spesielt med denne stjerna er at det er sterk påvising av mengder av vassdamp i spekteret til stjerna.

I SkyAtlas Companion står det om den store raude tåka sør for Mu Cephei:

”IC1396: Faint and very large emission nebula. Contains an open cluster with 50 stars; detached, weak concentration of stars; large in brightness; total mag. of cluster 3.5; mag. of brightness star 3.8. Distance 2,600 ly; (…) Dark nebula B160 lies approx. 1 degr. to N.”

 

Dette fotoet viser Mu Cephei heilt nede til høgre mot biletkanten. Til venstre ei raud tåke, Sh2-132, og til høgre for midten ei svart tåke som har fått namnet B169 , B170 og B 171.

 
EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, TV27'', AV2,8, 26 eksp, ISO6400.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar