I Lyra finn me ei kvit stjerne, Vega, harpestjerna, ”The
Harp Star”, eller ”Falling Eagle”, den femte sterkaste stjerna på himmelen.
Denne stjerna dominerer hausthimmelen med å stå høgt og litt i vest. Avstanden
er 25,3 lysår (Stellarium), abs. mag. 0,55. Ho skin med ein lysstyrke 58 gonger
sterkare enn vår eiga sol. Vega er ei stjerne som er lik type som Sirius, med
overflagetemperatur på 9500grader K.
Alle stjernene i vår galakse bevegar seg i ein enorm bane
rundt galaksesenteret. Det vil ta sola og solsystemet vårt om lag 200 millionar
år på eit omløp. Me bevegar oss mot Vega. Dette vert kalla ”Solar apex”. Vårt
solsystem vil bruka 450.000 år på å nå det punktet der Vega er i dag.
(Burnhams)
For 12.000 år sidan var Vega polstjerna vår her på jorda, og
vil få same rolle om nye 12.000 år!
Eit lite stykke over og litt til venstre for Vega ligg to tette
stjerner, og dette er eigentleg eit multippelt stjernesystem.
EOS60Da,
Ef70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, AV2,8,TV ca 27’’, ISO 6400, 24eksp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar