Auriga,
stjernebiletet Kusken, eit av dei mest utståande mønstra på himmelen, men
likevel kanskje ikkje så kjent som andre liknande stjernebilete, og som andre
stjernebilete i nærområdet, Tyren, Orion.
Biletet
viser eit område like ovanfor (nord for) horna til tyren i Taurus. Me ser her
tydelege emisjonståker, til høgre som ein F-nøkkel tåka IC405, i fylgje Starry
Night har den mest lyssterke delen øverst innslag av refleksjonståke. IC405
står omtalt i SkyAtlas Companion som ”Flaming star nebula. Very
large, very faint; use an O III or H-beta filter if possible.”
Vidare, til
venstre for stjernene 19, 18, 17 og 16 Aurigae emisjonståka IC410, og denne omringar
stjernehopen NGC1893, mag 7,5, ca 60 stjerner, distanse 13 000 lysår.
Ovanfor
dette ser me tåka IC417, litt lenger opp til venstre NGC1931, og øverst mot
biletkant stjernehopen M36, svak konsentrasjon, men stort omfang i lysstyrke på
stjernene, denne hopen strekkjer seg 13 lysår i diameter, distanse til oss er
3700 lysår. Me skimtar stjernehopen NGC1907 sentrert mot øvre biletkant.
EOS 60Da, 70-200mmf2,8L IS II USM, brukt på 200mm.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar