torsdag 19. juni 2014

Auriga, M36, IC417, M38

 
I kjernen av Auriga finn me fleire flotte objekt, ikkje minst opne stjernehopar. Til venstre her er M36, og til høgre M38, begge opne stjernehopar som er lette å sjå i ein prismekikkert, td 7x50. M38 inneheld om lag 100 stjerner, ikkje særleg konsentrasjon, stor og flott stjernehop med mag 9,5. Ingen tåker i denne hopen. Han strekkjer seg ut 16 lysår i ein avstand på 2600 lysår frå oss. M36 (til venstre) er litt mindre, med 60 stjerner og ei utstrekning på 13 lysår. Denne ligg lenger borte, 3700 lysår. Dette er ein yngre hop enn M38. Nedanfor desse ser me ei tåke, IC417, og litt oppover mot M36 ei mindre tåke med namnet NGC1931.
EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, på 200mm.
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar