søndag 7. september 2014

Cepheus, Mu Cephei, IC 1396

 
Cepheus på nordhimmelen inneheld flotte tåker, svak og stor emisjonståke som heiter IC 1396. Midt i denne ser me ein open stjernehop med 50 stjerner, ulik lysstyrke og elles nokså spreidd hop. Avstanden er 2600 lysår. Like nord for denne ser me ein svart flekk, dette er svart tåke B161, elles nokre svarte tåker like nedanfor hopen: B160 som ein omvend ”C”, til høgre for denne B365. Elles ein liten, svart tåkeflekk ovanfor C-en, B163, og ein endå mindre lenger opp, B367. Heilt oppe til venstre for midten ser me litt av svarte tåker B169, 70.
Det mest spesielle objektet er likevel stjerna som lyser mot oss frå nordlegaste deler av emisjonståka, like opp til venstre for midten: Mu Cephei. Denne stjerna er av spektrum M2 og er kalla ”The Garnet star” (Burnhams Celestial handbook p 596). Dette er truleg den raudaste stjerna synleg for auga på den nordlege halvkula. Ho varierer i lysstyrke og har eit irregulært mønster. Avstanden er i Stellarium notert til 5261 lysår, med ein absolutt mag på  -6,84, synleg mag 4,2 her. Mu Cephei er ei raud kjempestjerne, diameteren fleire hundre gonger sola, og stjerna er av dei mest brilliante av alle kjende raude superkjemper. Denne stjerna har faktisk vassdamp-band i spekteret sitt!
Foto: EOS 60Da, 200mm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar