fredag 19. september 2014

Vulpecula, Kleshengaren, Coathanger/Brocchi’s cluster

 
Sør for haust-stjerneteiknet Svana (Cygnus) finn me Vulpecula, eit lite stjernebilete. Nede til høgre på biletet ser me eit spesielt kjenneteikn, nemleg stjerner i formasjon som liknar ein opp-ned kleshengar, difor namnet Coathanger. Det ser ut til at stjernene ligg på ”linje”, men det ser berre slik ut frå vår synsvinkel i verdsrommet.
Like til venstre for denne stjernehopen som deler av Coathanger er ein del av, Cr 399, ser me ein lysande flekk. Dette er ein open stjernehop med lysstyrke 8,80;  NGC 6802. Hopen er såpass markert at det er merkeleg at denne ikkje er avmerka i SkyAtlas 2000.0.
Like over høgre del av Coathanger er det nok ein open stjernehop, om enn ikkje så tydeleg. Denne heiter IC1299.

Elles ser me tydeleg tåker i denne delen av vår galakse, som for øvrig ligg i galakseplanet.
Foto: 200mm (eff. 36mm) med EOS 60Da, EF 70-200mmf2,8L.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar