mandag 8. desember 2014

Monoceros, NGC 2264, Christmas Tree Cluster & Cone nebula

 
Like aust for det framståande stjernebiletet Orion er Monoceros, Einhjørningen. Dette er eit stjernebilete som består av svake stjerner, så det krevst mørk himmel, mørketilpassa augo og noko trening å finna dette. Likevel inneheld det mange interessante objekt, ikkje minst ein stjernehop som har fått det klingande namnet Jolatrehopen. Rett og slett fordi han liknar. Her har me snudd biletet opp-ned i forhold til slik me ser det, for då kjem liksom treet meir til sin rett. Det er nemleg slik at eit teleskop må til for å sjå dette, og i ein vanleg newton-reflektor er biletet speigelvendt og opp-ned. Dermed kom ”jolatreet” fram i sin velde. Som SkyAtlas Companion seier det: ”40 stars bathed in bright nebulosity; not well detached from surrounding star field (…) distance 2,400 ly”, altså 2400 lysår borte. Som Burnhams seier det: ”the nebulosity wich surrounds NGC 2264 is not seen in small telescopes, but is dramatically revealed on long-exposure photographs.” (Burnhams (BCH) p 1210)

Cone nebula er ei mørk søyleliknande tåke som liksom stikk seg ned i toppen av treet, som ei mørk kjegle der ”stjerna” skulle ha vore. ”The most awesome and spectacularly beautiful section is the famous ”Cone nebula” (…) it appears as a great dark pinnacle some six light years high from north to south, (…) the whole structure forming a picture of such strangeness and splendor that it scarcely seems natural.” (BCH p 1210).

EOS60Da, ved 200mm, sterkt kroppa, beskore her.

Puppis, M46 og M47

 

I Puppis, ”Akterstavnen”, finn me to flotte stjernehopar, M46 og M47. Litt aust for vår lyssterkaste stjerne, Sirius, så dei ligg lågt på himmelen sett frå våre breidder. Det utfordrar oss ekstra når me skal fotografera, for så lågt er det tjukkare atmosfære og vanskelegare  forhold. M46, den venstre og austlegaste hopen, finst der ute rundt 4700 lysår (Burnhams Cel Handbook), med 150 stjerner med mellom mag 10 og 13, SkyAtlas Comp gjer oss avstand 3200 lysår og med ein diameter på 24 lysår. Me finn ein del tåker i denne hopen.
M47, til høgre, litt lenger vest, er denne stjernehopen. Litt nærare enn M46, og dermed noko mindre og sparsomleg stjernehop. Om lag avstand er 1780 lysår (BCH), med ein diameter på 17 lysår.

EOS60Da, 70-200mmf2,8L IS II USM, foto med 200mm



søndag 7. desember 2014

Morgon- og kveldsraude



 
Dei to fyrste foto er frå ein morgonhimmel, det siste kveldshimmel. Låg sol gjev oss spesielle ljosforhold.

Joleglede

 
Kjølsdalen skulemusikk har delt ut ein fin joledekorasjon.

mandag 1. desember 2014

Monoceros, NGC 2244, 2237 Rosettetåka

 

I stjernebiletet Einhjørningen, Monoceros, finn me ei flott emisjonståke som har det vakre namnet Rosettetåka. Midt i ligg ein stjernehop, NGC 2244, ”100 stars, weak concentration of stars; large brightness range; large, bright; mag. of brightest star 5.8; involved in nebulosity”. (SkyAtlasCompanion s 94). Avstanden er sett til 5000 lysår.

 

EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM


Cepheus, NGC 7822

 
Fotoet viser eit område tett ved zenit (området rett opp), declinasjon 67 grader N. Det ligg like nord for den stjerna som er lengst til høgre i det tydelege stjernebiletet Cassiopeia, som ser ut som ein W, stjerna heiter Caph og er ikkje med på dette fotoet. Biletet viser to tåker i Cepheus, den nedste tåka like på grensa til Cassiopeia. Øverst viser tåka NGC 7822, ”an extremely faint and large arc of nebulosity; posibly a supernova remnant. (…) this is a remarkable object.” (SyAtlasCompanion, s 209).
Nedanfor viser tåka Ced 214, “medium brightness” (SAC s 15).
Foto: EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM.

mandag 24. november 2014

Orion, Alnitak, Hestehovudtåka B33, IC434, NGC2024 og 2023

 
I Orion finn me Orions belte, ei rekkje med tre skråstilte stjerner. Biletet her viser to av dei, Alnilam øvst og Alnitak nedst. Den siste stjerna er truleg opphavet til strålinga som lyser opp tåka IC434, og med den ser me den mørke tåka stikk opp i framgrunnen. Denne mørke tåka liknar eit hestehovud, og difor namnet. I fylgje Starry night ligg Alnitak på 826 lysår, og i så fall vil IC434 vera omtrent ved same avstand. Viss Hestehovudtåka ligg like framfor vil denne vera om lag 1 lysår tvers over, eller det same som 70.000 gonger distansen mellom jorda og sola (150mill km) I fylgje Burnhams celestial handbook er “”Horsehead nebula” undoubtedly te best known example of a dark nebula in the entire heavens. However, it is almost completely invisible to the eye at the telescope and requires long exposure photographs to reveal its strange and spectacular details.” (s1339)

 
Her heile Orions belte.
EOS60Da, 200mmf2,8. Sett saman av fleire eksp a 27-28 sek.