søndag 8. september 2013

Med gran skal landet byggjast, eller bør det eigentleg det?

Slik skog likar me å ferdast i. Dette er ein småvaksen furuskog. Furua treng kanskje 90 år på å bli skikkeleg hogstmoden, men då får ein beste tresort til material. Kjernen heiter AL og er sjølvimpregnert, og resten kan impregnerast slik at treverket held veldig lenge. I denne skogen er det lyng, blåbær, variert fugleliv, og det er lett å ta seg fram. Dette likar me!
 


Slik skog er det mange som unngår, og med rette. Dette er ein småvaksen granskog. Grana må plantast tett på Vestlandet for at ho ikkje skal veksa for fort. Ein reknar opptil 60 års vokst før hogst. Ofte veks ho likevel så fort at materialen er for sprø, og ikkje brukande til material. Då går grana til slip, eller papirproduksjon. Veden i treet er av ein dårlegare kvalitet enn furua, og grana kan ikkje impregnerast. Granskogen må plantast tett, og då veks han òg tett, veldig tett. Grana tek opp surheit i nedbør, og forsuring av jordsmonn kombinert med mangel på sol gjer at dei fleste andre artar bukkar under. Det er berre nokre bregner og mosesortar som overlever i slik skog. Kjem det ein skikkeleg storm overlever ikkje grana heller, og bryt rett av eller deiser i bakken. Her er ikkje råd å ta seg fram, for greinene held fast til stamma heilt ned til bakken, sjølv for vaksne tre. Dette er vestlandsk ørken. Etter fem generasjonar med gran er jordsmonnet utpint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar