søndag 15. september 2013

Sagittarius med gasståker og stjerneskyer


 
Innover i galaksen vår ligg det tett i tett med stjerner, i milliontal. Dei sentrale delane av galaksen Mjølkevegen er svært langt sør for oss så langt nord, men på dette foto viser litt av mylderet, avgrensa av fjellkanten rett under biletkanten. Oppe til høgre viser den raude tåka Omegatåka, Messier objekt 17, M17. Heilt nede i høgre biletkant strekker ei tett samling av stjerner seg opp som objektet M24, omtala som ei stjernesky. Mellom M17 og M24 skimtast M18, ein stjernehop.  Like til venstre for midten ser me stjernehopen NGC6645. Klar himmel så langt ned mot horisonten er slett ikkje verst. For eit mylder!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar