torsdag 19. september 2013

Villandhopen, Wild Duck Cluster, M11, Scutum




6000 lysår borte finn me den lyssterke hopen M11, ein open stjernehop med 3000 stjerner. Dei fleste stjernene her er svært lyssterke gigantstjerner. Dette er ein fantastisk flott stjernehop å observera, og han vart oppdaga nokså tidleg, alt i 1681. Det er utan tvil ein av dei rikaste opne hopane i galaksen. Total lysutstråling er kring 10.000 gonger sola. Det sentrale av hopen er kring 15 lysår i diameter, og tettleiken er om lag 83 stjerner pr kubikk parsec. Rett ned, nesten i nedre biletkant ser me ein gulaktig ”klump”, dette er den kuleforma stjernehopen NGC 6712 på 22-25.000 lysårs avstand. Han skin med mag 8,1. Vidare litt ned til høgre i biletet ei stjernefortetting, og dette er den opne stjernehopen M26 på 5000 lysårs avstand.

Noko av det som slår oss likevel mest er den formidable skya av stjerner me ser her mot dei meir sentrale delane av galaksen vår. Scutum star cloud er dette området gjerne kalla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar