onsdag 15. januar 2014

Andromeda, M31, M32 og M110

 
Andromedagalaksen, M31, strekkjer seg ut i all sin velde på vinterhimmelen. Dette er ein spiralgalakse i vårt ”nabolag” i det store verdsrommet. Galaksen er om lag av type og storleik (litt større, faktisk) som vår eigen galakse, Mjølkevegen. 2,5 millionar lysår borte ligg han, og det er det fjernaste objektet som er synleg med berre auga, som ein svak skuggeflekk på ein klar og månefri himmel. Me ser faktisk denne galaksen akkurat slik han såg ut då dei fyrste menneskeliknande skapningane traska rundt i Afrika.
Galaksen viser tydeleg detaljar som klare støvband og eit stort stjernedanningsområde i nedre del av galaksen (206). Med seg har Andromedagalaksen to satellittgalaksar (slik vår galakse òg har), og desse to finn me på kvar si side av Andr.galaksen, det vil seia at den til venstre, M32, ligg liksom litt ”inni” Andromedagalaksen, i alle fall ser det ut slik for oss frå vår synsvinkel. Den andre satellittgalaksen, M110, ser me tydeleg ute til høgre.
EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, TV27’’, AV2,8, 28 eksp.
Tryggve Dyrvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar