I Taurus finn me velkjende Pleiadane, eller sjustjerna, ein
open stjernehop etter kosmisk målestokk er heilt i ungdomen. Stjernene er
såpass nydanna at me ser tåka rundt som restar etter stjernedanninga, dette er
refleksjonståke.
Stjernehopen
er ”undoubtedly the most famous galactic star cluster in the heavens, known and
regarded with reverence since remote antiquity.” (Burnhams s 1863).
Sjølve stjernehopen inneheld mange fleire stjerner enn dei sterkaste me ser,
som for øvrig kan likna litt på ei “mini-karlsvogn”. ”Handtaket”, stjerna
nederst og lengst til venstre heiter Atlas og ligg 381 lysår borte. Vidare finn
me ein firkant med nedre venstre, Alcyone 369 ly, til høgre Merope 360 ly, oppe
til venstre Maia 360 ly, og oppe til høgre Electra 371 lysår borte. Det er vel
dei sterkaste stjernene, og avstandane indikerer sjølve avstanden til hopen
Pleiadane, som er ein av to store opne hopar i Taurus, den andre Hyadane.
”All told,
the cluster contains at least 100 stars with a large range (…)” (Sky
Atlas Companion 2000). Hopen strekkjer seg over eit rom på 12 lysår, og er
omlag 78 millionar år gammal.
EOS60DA,
EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, AV3,8, TV27’’, 31 eksp. (her kroppa).
Tryggve Dyrvik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar