Cepheus er
eit stjernebilete som står høgt på himmelen for oss på våre breiddegrader. Me
ser av biletet at utsnittet rommar ein sverm av stjerner, og det betyr at
stjernebiletet er del av galakseplanet vårt der dei fleste objekt er å finna.
Like under midten av biletet finn ser me eit trapes av stjerner, frå venstre
Delta Cephei, nede til høgre Epsilon Cephei, og gul-oransje Zeta Cephei litt
ovanfor.
Delta Cephei
er ei spesiell stjerne som varierer i lysstyrke. Dette skuldast ikkje
dobbeltstjerne som går i omløp rundt Delta, men rett og slett at stjerna
varierer i seg sjølv. Stjerna aukar brått i lysstyrke før styrken fell gradvis,
med periode på nokre dagar. Stjerner av denne typen vert kalla Cepheidar etter
Delta Cephei som vart oppdaga å ha slike variasjonar i 1784. Det står i Burnhams
Celestial Handbook s 585:
”These remarkable objects form one of the most
important and interesting class of variable known in the Universe. (…) Cepheids
are all very luminous white and yellow giants of spectral types F, G and K, and
may form a connecting link between the red giants and the highly luminous main
sequence stars.”
Desse
stjernene har ein typisk periode på 5 til 8 dagar. Delta Ceph er dessutan ei dobbeltstjerne, nokså vanleg å
sjå i universet.
Heilt til høgre
i biletet ser me mørk tåke (dark nebula) B169, og ein mindre litt mot venstre B174.
Litt til høgre
for Delta Cephei ligg ei raud emisjonståke, og denne er ikkje innteikna i vanlege
stjernekart som SkyAtlas eller Uranometria, men planetariet Starry Night finn me
ho, og der står det om denne:
”Sh2-135 is an emission nebula. Nebulae are giant clouds
of dust and gas. Emission nebulae are regions of hydrogen gas very close to young,
hot stars. Light from the stars heats the hydrogen gas, raising its temperature
up to 10000 K. At this temperature, the gas clouds glows red, giving emission nebulae
their distinct reddish appearance. “
LBN491, ei anna emisjonståke finn me litt til høgre for Sh2-135.
LBN491, ei anna emisjonståke finn me litt til høgre for Sh2-135.
Like nedanfor
denne raude tåka ser me ein ”klump” med stjerner, og det me ser er ein open stjernehop
som er kalla NGC 7261.
Okt 2013, EOS60Da, EF70-200mmf2,8L IS
II USM, TV27’’, AV2,8, stacking av ca 30 eksp, Deep sky stacker.
Tryggve Dyrvik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar