onsdag 15. januar 2014

Cepheus, Sh2-129



Like nedanfor stjerna Alderamin i Cepheus finn me tåka Sh2-129. På biletet viser denne seg som ei svak raud tåke som strekkjer seg i ein halvboge mot nedre biletkant. Tåka strekkjer seg eigentleg lenger sør, forma som ein C, og i midten eit stjernepar, me ser dette i biletkant. Den oransje-raude stjerna nest nederst er variabel og er målt 10872 lysår borte! (Starry night Pro Plus). På grunn av lysstyrken må det bety at stjerna er enormt stor, og 28691 sol-radiar fortel oss at dette er ei oppsvulma gigantstjerne kanskje i siste livsfase.
Til venstre i biletet nok ei oransje-raud stjerne, denne 988 lysår og 242 sol-radiar. Oppe til høgre ei liknande stjerne med avstand på 1631 lysår og 186 sol-radiar. Dei tre stjernene midt i biletet, den nederste på 3106 lysår og 278 sol-radiar, i midten 246 lysår og 2,5 sol-radiar, og øverst ei stjerne på 429 lysårs avstand og med 14 sol-radiar i storleik.
Foto: EOS 60Da, EF70-200mmf2,8L IS II USM, 200mm, TV27’’, AV2,8, 24 eksp.
Tryggve Dyrvik


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar